Nominert til eksklusiv UNESCO-liste

Oselvaren og Oselvarverkstaden har passert trangt nålauge.

Oselvarverkstaden og oselvarkulturen er nominert til UNESCO si liste over dei beste vernepraksisane i verda (foto: Trond J Hansen)
Andris Hamremandag 11. mai 2015 13:25

Oselvarverkstaden og oselvarkulturen er nominert til UNESCO-lista «Best Safeguarding Practices» – Beste vernepraksisar – etter konvensjonen om immatriell kulturarv.

– Dette blir spennande. Vi har jobba med søknaden i fleire år og no har vi passert det trange nålauget det er å bli nominert av den norske staten, fortel Åsmund Lien.

Søknaden er utarbeidd av Oselvarverkstaden, og Kulturdepartementet har sendt han til UNESCO. Tiltaket som er nominert har tittelen: «The Oselvar boat – reframing a traditional learning process of building and use to a modern context».

Les òg: – Vi er unike

– Det har vore mange formkrav som skal oppfyllast. Eg har inntrykk av at departementet er forsiktige med å senda frå seg nominasjonar som dei ikkje føler seg relativt trygge på vil gå gjennom.

– Svaret får vi først utpå hausten 2016.

Først i Norden

På UNESCO si liste over «Beste vernepraksisar» står det i dag berre 12 andre tiltak. Desse finn ein i sør- og mellom Amerika, Kina og tre andre europeiske land - Spania, Belgia og Ungarn.

– Denne lista er ikkje som verdsarvlista, kor ein til dømes finn Bryggen i Bergen, men det er likevel høg prestisje knytt til den.

– I tillegg til den heider og æra det er å koma på lista, så vil det heva vår status, ikkje minst internasjonalt.

– Vi blir i så fall det første tiltaket i Norden som blir tatt opp på lista, seier Lien.

Til UNESCOs konvensjon om immatriell kulturarv er det knytt tre ulike lister: «truga kulturuttrykk», «representativ liste» og «beste vernepraksisar». Det er innanfor sistnemnde Oselvarverkstaden og oselvarkulturen er nominert.

Med immatriell kulturarv blir det sikta til kulturarv som tradisjon, språk, utøvande kunst, sosiale skikkar, tradisjonell handverkskunnskap og dugleik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.