Kultur | 17. juni 2010

Nominert til Gullrosen

Steinar Birkeland er nominert til Rose d'Or for NRK-dokumentaren «Høyt spill».

Nominert til Gullrosen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 17. juni 2010 10:56

Steinar Birkeland er blant osingar kanskje best kjent som programleiar i Vestlandsrevyen og Norge i dag, men dei siste ti åra har han jobba i NRK si dokumentaravdeling i Bergen, noko han også har fått merksemd for.

I 2007 blei programmet «Ballade for Edvard Grieg» sendt på NRK, eit program manusforfattar Birkeland saman med fotograf Thomas Hellum og redigerar Cecilie Skurtveit seinare vann Grand Prix Golde Prague for.

No er Steinar og Thomas nominert igjen, denne gong til Gullrosen, som blir delt ut under Festival Rose d'Or (også kjent som Underholdningsfestivalen i Montreux).

- Vår dokumentar er blant 12 nominerte, men vi føler at det å bli nominert til denne prisen er ein halv siger i seg sjølv, seier Steinar Birkeland.

Prisen blir delt ut i Lucerne i Sveits (festivalen blei flytta frå Montreux i 2004) i september.

Andsnes og Grieg
I 2007 var det 100 år sidan Edvard Grieg døydde. Redaksjonen Steinar er del av ville førebu seg med å laga ein dokumentar om Grieg, og helst om Grieg i dag, og byrja med å ta kontakt med den verdskjente norske pianisten Leif Ove Andsnes.

- Eg kjente ikkje Andsnes frå før, og vi hadde møte med han veldig tidleg i prosessen, utan noko konkret på blokka. Andsnes har sjølvsagt tett konsertprogram som er planlagt lang tid i forvegen, og ville nok vera vanskeleg å følgja tett etter ordinært program. Men akkurat då vi møtte han hadde han ein veldig passande idé, og den fekk vi vera med på.

Andsnes ville spela Grieg-verket som Grieg ikkje klarte å spela sjølv, både fordi det handla om ei vanskeleg tid i komponisten sitt liv, men kanskje også fordi det er eit komplisert stykke å spela. For å spela Ballade i G-moll ville Andsnes gjera seg betre kjent med komponisten, og denne prosessen fekk Birkeland dekka.

- Leif Ove er god å jobba med, han er positiv, flink til å formidla og læreviljug når det gjeld det å forstå korleis TV-produksjon fungerer.

Dokumentarens visuelle høgdepunkt blei då eit flygel blei løfta til ein fjelltopp for at Andsnes skulle spela balladen, som er inspirert av ein norsk fjellmelodi. Bilda av Andsnes på fjelltoppen med flygelet gjekk verda over, og redaksjonen vann altså pris i Praha for doumentaren.

Høgt spel: Klassisk musikk møter gangsterkunst
Etter samarbeidet med Grieg-dokumentaren gjekk det ikkje så lang tid før Birkeland, Hellum og Andsnes skulle få jobba saman igjen.

- Denne gong var det han som tok kontakt. Andsnes var klar for å realisera ein draum, å gjera sitt mest vågale prosjekt til no, og vi såg potensiale til ein ny, men veldig annleis dokumentar, fortel Steinar.

Andsnes viste til eit verk den russiske komponisten Mussorgsky hadde skrive ut på 1870-talet, inspirert av ei kunstutstilling ein ven av han hadde. Verket fekk eitt vers for kvart av dei 10 bilda.

- Dette er eit av pianohistorias villaste verk, og Andsnes, som er ein kontrollfrik, var klar for å gjera noko han ikkje hadde full kontroll over. I tillegg gav han frå seg kontrollen over deler av oppsetjinga, for den skulle nemleg kombinerast med kunst, fortel Birkeland.

Ideen var å få ein kunstnar til å laga nye bilde, eitt for kvart kapittel, ut frå inspirasjon kunstnaren måtte få frå det han høyrde. Bilda skulle visast under konsertane til Andsnes, og skifta i takt med musikken. Medan Mussorgskyblei inspirert av bilde gjekk Andsnes motsett veg, her skulle kunstnaren bli inpirert av musikken.

At kunstnaren som blei valt, Robin Rhode (ein sørafrikansk mann, busett i Berlin), har bakgrunn innan grafitti og gangsterrap, gjorde kontrasten komplett.

- Dette er høgt spel på fleire måtar, både gjennomføringa av verket, kombinasjonen med måleria og det å gje frå seg kontrollen for ein som vanlegvis har stålkontroll. Dette plagde Andsnes, og dokumentaren handlar også mykje om pianisten som person, og privatlivet hans, fortel Steinar Birkeland.

I førre veke kom meldinga om den prestisjetunge Rose d'Or-nominasjonen.

Her kan du sjå heile dokumentaren,
Høyt spill - med Leif Ove Andsnes (NRK.no)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.