Lokal | 30. aug. 2017

Nominert til innovasjonspris

Lean Konseptutvikling med appen Byggemappen er nominert til Byggenæringens innovasjonspris 2017 i konkurranse med sju andre nyvinningar.

Nominert til innovasjonspris
Erik Nilsen og Jan Tore Grindheim i Byggemappen er nominert til Byggenæringens innovasjonspris 2017 (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 30. aug. 2017 11:02

Lean Konseptutvikling, som var ei av dei første verksemdene som flytta inn i Bjørnafjorden Gründerpark, gjer suksess med appen Byggemappen kor dei samla alle aktørane i eit byggeprosjekt på ein stad med alltid oppdatert dokumentasjon, endringar og teikningar. Appen er tilgjengeleg på mobil, nettbrett og desktop.

– Byggmappen er i tråd med det vi frå statleg side tenkjer. Vi skal ha papirfrie byggplassar uten feil og ein betre dialog med både utbyggjar og bustadkjøpar. Det Lean Konseptutvikling presenterte viser at dei er blant dei fremste på området, så kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner då han vitja gründerparken i slutten av mai.

Kan vinna innovasjonspris

No er konseptet blitt lagt enno meir merke til og nominert til Byggenæringens innovasjonspris 2017 saman med sju andre nyvinningar.

«Byggenæringens Innovasjonspris 2017 skal deles ut til et firma/organisasjon eller person som har gjort en særlig innsats når det gjelder innovasjon knyttet til prosesser, produkter og tjenester samt bidratt til en mer digital og/eller bærekraftig (miljø, økonomi, samfunn) Byggenæring. Løsningen skal være i funksjon og kunne dokumentere økt konkurransekraft, verdiskapning å ha potensiale for bred anvendelse.», heiter det i kriteria for konkurransen.

– Prisen blir delt ut under Bygg Reis Deg den 18. oktober. Det er klart vi set pris på å vera ein kandidat til prisen, fortel Jan Tore Grindheim, dagleg leiar i Byggemappen.

Dei nominerte er:

Det er fleire store firma Lean Konseptutvikling konkurrerer om prisen med. Dei nominerte er:

  • «Byggemappen», Lean Konseptutvikling AS
  • «Termowood», Termowood AS
  • «Waterseal», Hey`di AS
  • «Protan Blueproof», Protan AS
  • «Bimsync», Catenda AS
  • «Rimol Miljøpark», AF Decom
  • «Arstyl LS1 Smygplate», Deco Systems AS
  • «Cliwi», HeatWork AS

Er inne i varmen

Grindheim fortel at det har gått bra etter at dei starta verksemda.

– Vi er no to fast tilsette og i ferd med å inngå avtale med to utviklarar i Trondheim. I tillegg har vi tre utviklarar i Bergen og på Stord og åtte-ti utviklarar som sit i Polen. Det er ingen tvil om at utgiftane strekk til, men det går bra. Vi har allereie nådd salsbudsjettet vi satte oss for 2017.

– Vi har blitt tatt godt i mot i bransjen og er tatt inn i varmen både hos blant anna Boligprodusentenes Forening, NHO og skal i møte med kommunal- og moderniseringsdepartementet seinare i haust.

– Byggmappen ligg fremst i landet på dette og vi har no knytt til oss eit av dei sterkaste IT-miljøa i Noreg i eit forskingsprosjekt vi har fått forskningsmidler til, for å sjå på moglegheiten til å forutsjå moglege feil i byggjeprosjektet før dei oppstår, avsluttar Grindheim.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.