Nor-Mær flyttar inn i den nyaste hallen til Os Maskinering i Industrivegen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Nor-Mær flyttar inn i den nyaste hallen til Os Maskinering i Industrivegen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Nor-Mær flaggar heim til Os

Etter over 20 år med produksjon av oppdrettsanlegg flyttar Os-selskapet fabrikken til heimbygda.

Kjetil Vasby Bruarøy
24. mai 2017 - 11:54

Familien Gausvik frå Os har sidan midten av 80-talet produsert og selt oppdrettsanlegg, og er ifølgje eigne heimesider Noregs leiande leverandør av oppdrettsanlegg i stål.

I starten var det produksjon i Austevoll, på 90-talet blei det flytting til Dale.

No, over 20 år seinare, blir fabrikken samlokalisert med eigarane og administrasjonen i Os kommune.

Signerte leigekontrakt på fredag

Nor-Mær AS er eigd av ekteparet Olaug og Jan Gausvik, og dei to døtrene deira, Janne og Lene, via Gausvik Holding AS. Selskapet driv godt, med omsetnad over 20 millionar kroner og resultat på over 2 millionar kroner dei siste åra.

Fredag signerte dei leigekontrakt på lokalet Os Maskinering er i ferd med å flytta ut av i Industrivegen.

Os Maskinering kjøpte som kjent Rolls-Royce sitt bygg ved Ulvensletta i 2015, og får no alt samla under same tak.

• Les òg: Klare til å overta Rolls-Royce-fabrikken

– Lokalet i Industrivegen har veldig fine fasilitetar. På Dale har vi til saman 1500 kvadratmeter inne og ute. Her går vi noko ned i storleik, men får eit meir effektivt lokale, seier dagleg leiar Olaug Gausvik.

Flytting blir i august, i september skal produksjonen vera oppe og gå.

Nye ordrar og fleire tilsette

Gausvik fortel at selskapet også tidlegare har sett etter lokale i heimbygda, og at dei no ser fram til å få produksjonen saman med administrasjonen.

Det siste året har dei supplert utvalet med store, moderne fôrflåtar i betong og aluminium. Første flåte blei levert i oktober 2016, den andre blei levert no i vår.

Så seint som i går signerte dei ein ny, stor kontrakt.

– Vi kjem til å tilsetja fleire når vi flyttar til Os. Dette med rekruttering har vore litt vanskeleg, så vi har leigd inn ekstra bemanning til fleire større prosjekt.

Nor-Mær har i dag fem faste tilsette i produksjonen. Ingen av dei bur i Os.

– Dette er dyktige fagfolk med lang erfaring, fleire har vore med oss heilt sidan starten. Heldigvis er alle innstilte på å pendla til Os frå hausten av, seier Olaug Gausvik.