Kultur | 19. okt. 2020

Nor og ne er på banen igjen

Regnbuerevyen er endeleg klar for å sjå dagens lys.

Nor og ne er på banen igjen
Susan Askvik og Jan Helge Corneliussen er klare for Regnbueshow i november. (Foto: Kjetil Vasbu Bruarøy)
Ørjan Håland
Ørjan Hålandmandag 19. okt. 2020 11:27

I mars skulle Nor og Ne-gjengen halda sin trettande revy i Symrasalen. Dette vart koronautsett, og revygjengen har no hatt ei tøff og krevjande tid på å halda revystoffet til Regnbuerevyen ved like og oppdatert.

I slutten av november er det fire kveldar med show.

– Dette er den same framsyninga som vi skulle ha gjennomført i vår, men sjølvsagt med nokre oppdateringar frå tida vi har vore inne i, seier Susan Askvik.

– Kva handlar regnbueshowet om?

– Vi likar jo å halda ein del innhald hemmeleg, det er kjekt å overraska publikum litt. Men noko ligg jo i namnet, det blir litt om pride, flagging og ikkje flagging i kommunen - og regnbogealliansen som skulle ta over styringa i kommunen. Dette er jo ein del ting som ikkje lenger er noko nytt, men som er fortsatt like aktuelt, seier Askvik.

Krevjande og usikker tid

Dette halve året har ikkje vore lett for revygjengen. Sjølv om det no blir show i slutten av november kan Askvik fortelja om ulike utfordringar på vegen.

– Dette har vore superkrevjande. Vi har hatt ei førebuing med mykje tvil. Skal vi fortsetja å øva, skal vi avlysa? har vore gjentakande spørsmål. Berre det å finna motivasjon til å øva og setja replikkane har vore krevjande, spesielt når du ikkje veit om det blir show i det heile tatt. Du veit at du uansett må gjera din del av førebuingane og ofra mykje tid på noko som er uvisst.

– Det er vanskeleg å motivera både seg sjølv og dei rundt seg, når du heile tida har i bakhovudet at dette kanskje ikkje blir noko av.

Å ha ein lang pause i sommar var kanskje til hjelp.

– No har vi litt press på oss til å bli klare, så no gler vi oss veldig, seier Askvik.

Dei same ansikta

Trass krevjande tider ser det lovande ut med å halda alle på aktørane, både på og utanfor scenen.

– Vi har med oss same gjeng som før desse to siste helgene i november, med unntak av Linda Nytræ, som dessverre har det travelt med andre ting, men som vi håper kjem tilbake i neste runde.

Dei aller fleste ansikta blir å sjå under Regnbuerevyen i november. (Foto: KVB)
Dei aller fleste ansikta blir å sjå under Regnbuerevyen i november. (Foto: KVB)

Auka avstand - færre billettar

I skrivande stund er det lov med maks 200 publikummarar på offentlege arrangement. Samtidig skal det vera passeleg avstand mellom kvar av dei.

På tidlegare show har Nor og Ne-gjengen hatt opp i mot 240 publikumarar på same tid.

– Vi har valt å ha maks 80 i salen på same tid. I tillegg vil vi ordna barbestilling, slik at vi unngår lang kø i baren, påpeikar Askvik.

Men fest med livemusikk etterpå, slik det ofte har vore, utgår i år.

– Det er sjølvsagt veldig synd at vi ikkje får fylla salen, men vi gler oss over at vi får vist showet vi førebudde i vinter og oppdaterte i haust.

Dette blir ikkje å sjå i november. (Foto: KVB)
Dette blir ikkje å sjå i november. (Foto: KVB)

Usikker på vegen vidare

Vanlegvis er det hausten og vinteren som vert nytta for å skriva og øva inn nytt materiale. Denne gongen er Susan usikker på kva som skjer vidare med revygjengen.

– Det er vanskjeleg å planleggja i desse tider. Eg veit det er nokon i gruppa som har planar om å reisa litt, så vi veit ikkje. Men ein sjanse kan vera å visa dette showet om att til våren, eller rett etter jul. Dette kan jo bli aktuelt ettersom det er så få billettar for sal denne gong.

– Vi kan ikkje planleggja noko som helst sånn som ting er no, vi må nesten berre ta ting som dei kjem, avsluttar Askvik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.