Fotball | 07. sep. 2021

Nora debuterte i Toppserien

Nora B. Nøss debuterte laurdag for toppserielaget Arna-Bjørnar.

Nora debuterte i Toppserien
Nora Blindheim Nøss, her etter å ha vore publikum på Os-Lysekloster måndag kveld. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Ørjan Håland
Ørjan Hålandtysdag 07. sep. 2021 13:01

Arna Bjørnar spelte laurdag derby mot erkerival og serieleiar Sandviken. Kampen blei spelt på Brann Stadion og endte 4-0 til Sandviken.

Nora Blindheim Nøss frå Os, som nyleg blei kåra til Noregs beste i U16-landskamp mot Spania, fekk koma innpå dei siste minutta.

– Det var veldig gøy å få debutera. Sjølv om det berre vart med to minutt ute på banen, var det kjekt å få koma innpå, seier Nora til Midtsiden.

Ho fekk dermed debutera på øvste nivå i ein alder av 15 år. Nora fyller 16 seinare i haust.

Mykje publikum

Debuten vart ekstra spesiell med tanke på at kampen gjekk på Brann Stadion, og at det var heile 1.700 tilskodarar.

Det er ikkje mykje til å vera på Stadion, men langt meir enn kva som kjem på Arna-Bjørna 2-kampar og, der Nora spelte tidlegare, med Os G16.

– Eg kjende litt på det då eg sat på benken, men ute på banen tenkte eg ikkje noko over det. Fasilitetane var ekstremt flotte, med store, fine garderobar, synest den talentfulle jenta frå Os.

Nytt landslagsopphald

I neste veke reiser Nøss til Sverige for eit nytt landslagsopphald.

Der ventar to treningskampar før EM-kvalifiseringa startar.

– Vi skal spela éin kamp mot Sverige og éin kamp mot Tyskland.

Etter landslagsopphaldet er Nøss motivert for fleire speleminutt i Toppserien.

– Eg skal jobba steinhardt framover, lover ho.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.