Nora Blindheim Nøss på plass i London måndag for ei veke sidan. (Foto: Robert Nøss for Midtsiden)

– Nora klarte seg mildt sagt bra

Toppspelarutviklar imponert over Nora B. Nøss på trening med Chelsea.

image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Nora Blindheim Nøss, som fyller 13 år i haust, er ei av to jenter frå Noreg som i haustferien fekk trena med Chelsea sitt U14-lag.

Saman med to år eldre Mathilde Sangolt frå Sotra reiste ho rett frå Flesland til treningsfeltet i London måndag for ei god veke sidan.

– Både trenarane og dei andre spelarane tok veldig godt imot oss. Det var to timar lange økter måndag og torsdag, onsdagen besøkte vi West-Ham og fekk vera tilskodar på treninga deira, fortel Nora.

– Vi trente på alt frå enkle pasningsøvingar til spel på liten og større bane. Alt gjekk veldig fort, på eitt og to touch, men eg synest både at det var gøy og at eg fekk det til.

– Truleg det største talentet eg har sett

Med på turen, forutan pappa Robert og trenar Endre Brenne, var den NFF-tilsette toppspelarutviklaren, tidlegare Os og Sandviken dame-trenar Øyvind Nordtveit.

– Det er ikkje enkelt å få innpass hos storklubbane lenger, men via nettverket vårt fekk vi dette til. Jentene er heldige, og eg trur dei hadde godt utbyte av dette opphaldet, seier Nordtveit.

Han kjenner Sangolt frå før, frå skyggelandslaget og frå treningsopphald med Sandviken, mens det er første gong han ser Nora frå Os i aksjon.

– Nora er eitt år yngre enn Chelsea-jentene ho trente med, men klarte seg mildt sagt bra! Ho er ikkje berre flink med ball, ho viser speleforståing som ein vaksen. Eg har trent mange flinke jenter, og er rett og slett imponert. Nora er kanskje det største talentet eg har sett, seier toppspelarutviklaren.

Mykje meirsmak

I tillegg til trening og samtalar med trenarane, fekk Nora og Mathilde helsa på dei to norske spelarane på Chelsea, Maren Mjelde og Maria Thorisdottir (dottera til landslagstrenaren i handball).

– Dei tok seg god tid, fortalte om korleis dagane deira som proff ser ut, og gav oss signerte sko og drakter. Det var veldig snilt av dei, og utruleg inspirerande! seier Nora.

– No har eg berre endå meir lyst til å bli fotballproff!

I morgon speler Nora kamp med Os gutar 13 på Kuventræ, torsdag er det kamp med jenter 14. Så ventar samling med kretslaget for eitt år eldre jenter. (Kretslaget for jenter 13 er førebels ikkje tatt ut, dette blir utført etter sonesamling seinare i haust.)

Fleire saker