Sport | 10. nov. 2017

Nora på landslagssamling

Nora Johansen frå Nore Neset tatt ut på Jentelandslaget sin første samling.

Nora på landslagssamling
Nora Johnsen, her på regional samling, er teke ut på Jentelandslaget si første samling (foto: Tove Lise Mossestad, Mossestad Fotodesign/NHF Region Vest)
Andris Hamrefredag 10. nov. 2017 10:12

Trenarane Tore Johannessen og handball-legenda Tonje Larsen har tatt ut spelarane til den aller første samlinga for Jentelandslaget (LK02).

Heile 50 spelarar er tatt ut til den første samlinga slik at dei to trenarane skal få eit best mogleg grunnlag til å vurdera spelerane.

Blant dei utvalde er Nora Johnsen (15) frå Nore Neset handball.

Samlinga går føre seg i Larvik 23.-25. november

Nora Johnsen var tidlegare i sommar ei av sju jenter frå region Vest som blei tatt ut til den nasjonale talentsamlinga.

– Eg var sjølv borte på samlinga i Skien og snakka med Tore Johannessen. Han gav gode tilbakemeldingar på Nora etter den samlinga, fortel trenar Trond Budal.

– Har ein fantastisk arm

Johnsen står i Nore Neset, men spelar gjennom eit samarbeid mellom Os og Nore Neset i dag fast for Os J18.

– Vi venter berre på at ho skal bli 16 år, slik at vi også kan nytta ho på seniorlaga. I dag speler ho med J18 og trener med J18 og damelaget.

– Nora har eindel kjempegode kvaliteter. Ikkje minst eit fantastisk handledd og ein arm som er heilt utruleg når ho kjem gjennom frå kanten, fortel Budal.

Johnsen er venstrehendt høgre kant.

– Ho har tatt nivået på J18 godt, men er framleis ung. Vi må hugse på at ho møter jenter som er 3 år eldre og som gjer mykje ut av seg, så vi jobbar eindel om å få ho tøffare i forsvar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.