Nora (12) tok seg langt i sommar, både i Sogndal (bildet) med G13 og i Norway Cup med J17. No ventar trening i London. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Nora til England for å trena med Chelsea

Stortalentet Nora B. Nøss skal få smaka på internasjonalt toppnivå i haustferien.

image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Nora Blindheim Nøss, som fyller 13 år seinare i haust, var tidleg ute med å markera seg på fotballbanen.

På fotballskule for tre år sidan finta ho assistenttrenar til A-laget, Ørjan Håland, på ræv.

– Eg har ikkje sett på makan til talent, ho driblar alle, inkludert eldre gutar, og er knallgod med begge bein, skryter Stian Kvåle.

Kvåle er i dag trenar for det opprykksklare damelaget til Os. I det daglege trener og speler Nora med 1. divisjonslaget til gutane og med jenter 14. Ho har òg spelt på Nore Neset/Os J17, og for kretslaget eitt år opp i alder.

– Nora er ikkje berre teknisk og talentfull, ho stiller på trening med ei treningsvilje eg ikkje har sett liknande av hos verken gutar eller jenter i så ung alder. Ho er svært energisk og tøff, og tar med killer instinct plass på ein fotballbane, samtidig som ho er audmjuk, uvanleg god også utan ball og ein person som speler andre gode, seier dagleg leiar i Os Fotball, Endre Brenne.

Unik sjanse

Torsdag kom eposten frå Leanne Champ, ungdoms-speider og hovudtrenar for Chelsea sitt U16-lag, at Nora er velkomen.

– Vi sender to spelarar bortover, Nora og ei to år eldre jente, fortel Vidar Fossdal, sportsleg leiar i Sandviken.

Sandviken har eit samarbeid med blant andre Os, og har vore eit internasjonalt springbrett for klubben på Kuventræ.

– Jentene er heldige, dette er ein unik sjanse til å få referanse på høgt internasjonalt nivå. Mange av dei største talenta manglar nettopp det, å få smaka på høgare nivå. Dette kan nok bli både lærerikt og noko som gir inspirasjon.

Jentene reiser til London til helga og får minst tre økter på Chelsea’s Regional Talent Centre (RTC), ungdomsseksjonen i Chelsea FC  Women.

– Eg er glad og spent!

Med ivrig og flink storebror Tobias og fotballfrelst pappa Robert har Nora nærmast vakse opp på fotballbanen. Men interessa har kome av seg sjølv, både til å leika seg med ball i timesvis heime i hagen og i stova, å sjå norsk og engelsk fotball på TV og til å læra meir når det er trening med venninnene og kameratane.

– Eg synest det er gøy å trena, men det er òg veldig gøy å sjå på fotball, seier Nora.

Ho blei veldig glad då ho fekk lov å koma til Chelsea. Å få lov heime var ikkje noko problem.

– No gler eg meg veldig, og så er eg litt spent. Eg håper eg lærer mykje, og så håper eg at eg får vist litt av det eg kan.

Endre Brenne skal sjølv vera med til klubben, både for å sjå korleis Nora klarer seg, og for å sjå korleis klubben trener.

– Det er ein lang veg til toppfotballen anten du er gut eller jente. Dei to jentene som får denne erfaringa er heldige, det kan vera eit viktig steg på vegen vidare, og ei oppleving som gir inspirasjon til åra som kjem, seier Brenne.

Fleire saker