Vêret i Os | 08. sep. 2015

Nordlys over Lysefjorden

Terje Sandø var skuffa då han i februar reiste til Troms for å fotografera nordlys. I går fekk han det servert på døra heime i Os.

Nordlys over Lysefjorden
Nordlys over Lysefjorden i Os, sett frå Buena kai. (Foto: Terje Sandø, Sandø Foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 08. sep. 2015 08:00

Måndag kveld var kraftig nordlys synleg ekstra langt sør.

– Eg blei heilt paff, fortel hobbyfotgraf Terje Sandø.

I februar var han og kona i Troms, og då hadde han kjentfolk som viste han gode plassar å fotografera nordlys.

– Dessverre var det overskya og eg tenkte at eg fekk ta meg ein tur nordover ein annan gong.

Men i går fekk han trøyst, då kom det flott nordlys over heimen hans i Lysefjorden.

– Kjørte rett til Buena

– Eg såg det frå terrassen, så då kjørte eg og kona rett til Buena kai og rigga opp stativ.

– Det er første gong eg tar bilde av nordlys, det var veldig kjekt både å sjå og å fotografera, seier Sandø.

Han har si eiga heimeside med eit allsidig utval av bilde, men ser førebels ikkje på seg sjølv som ein proff.

– Eg har ikkje tatt fotooppdrag eller meldt meg inn i nokon fotoklubb, men eg vurderer å gjera det. Eg kjøpte mitt første kamera for tre år sidan, sidan har både interessa og utstyrsparken auka, fortel han.

Såg nordlys i Kristiansand

Nordlys (Aurora polaris) er «et fysisk fenomen som forekommer når solvinden er kraftigere enn normalt, med store elektriske utladninger som slynger elektriske ladete partikler mot Jorden. Partiklene er elektroner og protoner som danner lys når de kolliderer med gassene i jordas atmosfære», ifølgje Wikipedia.

Nordlyset i går var synleg langt sør. NRK fortel om nordlys i Kristiansand, BT viser fleire bilde av nordlys over Vestlandet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.