Sport | 26. aug. 2021

Nore Neset il vann pris hos AMFI Os

Fire finalistar møtte fram for å høyra kven som hadde fått flest stemmer.

Det var jamt, men Nore Neset il ved Eirik André Hesthamar stakk av med årets pris. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 26. aug. 2021 14:13

I sommar har det vore nominert og stemt på året kandidatar til Angelia og Oskar-prisen.

Prisen, som er ein gavesjekk på 5000 økroner, skal gå til nokon som gjer noko spesielt for barn og unge i lokalsamfunnet.

Etter å ha tatt imot nominasjon av nesten 60 ulike lag og organisasjonar valte AMFI Os ut fire finalistar som folk kunne stemma på.

Bildeserie:

(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 3
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

I dag møtte alle fore for å høyra responsen og motta blomar og sekk.

Finalistane, rangert etter stemmer:

1. Nore Neset il (vinnar av prisen)
2. Natteravnene
3. Os Taekwondoklubb
4. Os Svømmeklubb

– I år var det svært jamt, fortel senterleiar Siri Ann Myhren Dalseide.

– Vi har mange prosjekt i Nore Neset il, så vi bør unngå at desse pengane går i det store sluket. Eg tenkjer at inkluderingsfondet vårt, eller eit øyremerkt prosjekt, er rett plass, seier dagleg leiar i Nore Neset il, Eirik André Hesthamar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.