Handball | 04. juli 2022

Nore Neset J16 vann Bergen Cup

Kortreist overnattingscup blei sosial og sportsleg suksess.

Nore Neset J16 vann Bergen Cup
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 04. juli 2022 08:31

Torsdag starta Bergen Cup, ei handballturnering i regi av Fyllingsdalen og Kjøkkelvik, med utandørs spel.

Nore Neset il hadde 2 av dei 8 laga i klassen J16, der det eine laget gjekk heilt til topps.

– Det er ei stund sidan desse jentene har fått reisa på overnattingscup. Sjølv om turen til Bergen ikkje er lang, bestilte vi overnatting og fekk tre netter på madrass i Fyllingsdalen vgs, fortel Irene Særvold Halvorsen.

Hovudtrenar Gitte Torp var opptatt i helga, så Irene leia dei to laga saman med Hildegunn B. Omdahl, Hilde Kristine Røttingen, Torill R. Hesthamar og Anna S. Mjånes.

Bildeserie:

1 av 4

– Rett før avreise blei to av spelarane sjuke, og måtte stå over. Sjølv om vi hadde med nokre yngre spelarar frå 2007-årgangen, var vi litt for få til to lag.

– Men vi fekk dispensasjon til å flytta spelarar mellom laga, noko som både gjorde at vi fekk delta med begge lag, og som skapte ein sirkulasjon av spelarar som gav ein sportsleg opptur.

Nore Neset har meldt det eine laget på i Bring-kvalifisering, og cupen var både meint som ein sosial og koseleg tur, og ein del av den sportslege oppkøyringa til hausten.

– Alle fekk mykje speletid på begge lag, fleire fekk prøva seg i nye posisjonar på banen og alle bidrog positivt i dei mange kampane.

Det eine laget vann alle kampane sine. Tre av dei blei jamne, som 10-9-sigeren i finalen søndag.

Her er alle resultata:
Nore Neset - Førde 21-16
Gneist - Nore Neset 12-14
Tertnes - Nore Neset 16-17
Nore Neset - Løv-Ham 19-3
Semifinale: Nore Neset - Tertnes 2 19-12
Finale: Nore Neset - Gneist 10-9

Jentene (som spelte på begge NN-laga):
Nathalie Lokøy
Lilly Skarstein Kjetland
Marie Starheim Thunhold
Aurora Dalseid
Konstanse Røttingen Seim
Mie Askeland Døsen
Alma Vermedal
Sanne Møgster
Emma Ringeling
Hedda Krukhaug
Malene Solesvik
Ronja Rasmussen
Nora-Sofie Skåtøy Kvernes
Maria Torsnes Drotningshaug
Tuva Hesthamar
Malin Særvold Halvorsen
Linnea Hovland Haugland
Mari Askvik Brattetveit

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.