Sport | 13. nov. 2016

Nore Neset-jentene vann KM-finalen

Nore Neset jenter 13 består no av 21 kretsmeistrar - og auka frå 2 til 5 på kretslaget!

Nore Neset-jentene vann KM-finalen
Nore Neset jenter 13 blei i dag kretsmeistrar i 1. divisjon etter 3-0 over Åsane i finalen i Vestlandshallen. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 13. nov. 2016 18:22

Bildeserie:

Nore Neset har no 5 jenter på '03-kretslaget.  (Privat foto)
Nore Neset har no 5 jenter på '03-kretslaget. (Privat foto)
1 av 1
Nore Neset har no 5 jenter på '03-kretslaget.  (Privat foto)

Nore Neset J13, som tidlegare i haust vann både 2. og 1. divisjon (sjå video frå 11-0-sigeren i serieavsluttinga), spelte i dag finale i kretsmeisterskapen i 1. divisjon.

Vinnar av den andre 1. divisjonsavdelinga var Åsane.

Nore Neset sto med 8 sigrar og 1 uavgjort på 9 kampar, Åsane med 7 sigrar og 1 uavgjort på 8 kampar. På målforskjell var det større forskjell, 52-6 til Nore Neset og 35-8 til Åsane.

Staseleg finale på litt liten bane

Ein av trenarane, Morten Døsen, fortel om spente jenter før dagens finale.

– Det er ein staseleg seremoni med innmarsj og musikk. Dei køyrede niarbane i breidda på den store ellevarbanen, og liten bane passar oss som er så spelande litt dårleg, legg han til.

Vann 3-0

Nore Neset-jentene brukte litt tid på å skåra, men før pause sette Andrine B. Kvittingen inn 1-0.

I andre omgang auka Malin Ludvigsen til 2-0 og 3-0.

– Det var litt spennande ei stund, men eg synes vi vann fortent. Det var Åsane-trenaren einig i, seier Døsen.

Nore Neset klarte ikkje ta kretsmeistertittelen i 2. divisjon, men tittelen i dagens 1. divisjonsfinale tilhøyrer alle dei 21 jentene.

– Vi er éi gruppe og alle trener saman og bidrar på sin måte der det er behov.

Fleire blei inviterte til kretslaget

Tidlegare denne veka blei kretslaget i 2003-årgangen publisert, med to jenter frå Nore Neset; Lenea Hjelle Fløysand og Malin Ludvigsen.

– Etter finalen i dag kom kretslagtrenaren bort og viste interesse for fleire. Han spurde blant anna kvifor vi ikkje hadde sendt fleire av desse inn, men for eksempel keeper fekk vi beskjed om ikkje var vits å senda.

No blir keeper Anne Noss Nordvik, som altså berre har sleppt inn 5 mål på 10 kampar, inkludert KM-finalen, med på kretslaget.

Også Andrine Brunvatne Kvittingen og Inger Kristine Foldrup blir tatt inn i gruppa som skal trena i Vestlandshallen gjennom vinteren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.