Fotball | 19. aug. 2013

Nore Neset kom tilbake

Søre Neset leia 1-3 i derbyet, men blei overrumpla av sterke juniorspelarar på vertane sitt lag.

Jubel etter utlikning på Nore Neset. (Foto: Henrik Mjelva)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 19. aug. 2013 08:15

Bildeserie:

Nore Neset - Søre Neset. (Foto: Henrik Mjelva)

1 av 14

Laurdag var det lokaloppgjer mellom Nore Neset og Søre Neset i 6. divisjon avdeling 3.

Førre derby enda 1-1, laurdag tok gjestane føringa.

Nore Neset - Søre Neset 3-3 (1-1)
Målskårarar, Nore Neset: Preben Knudsen, Ruben Grindevoll og Arvid Rabben.
Målskårarar, Søre Neset: Kenneth Hufthammer, Tore Kinden (straffe) og Torbjørn Hjelle.

0-1 kom då Hufthammer heada inn ein corner. Preben på Nore Neset utlikna før pause.

Så gjekk Søre Neset opp i 1-2 og 1-3 på straffe av Kinden og frispark av Hjelle.

Juniorspelarane Grindevoll og Rabben sørgja for poengdeling også i dette møtet mellom dei to sambygdingane.

– Kjempa oss ut av stilen

Søre Neset gjekk på sin fjerde uavgjorte kamp for sesongen med 3-3 borte mot Nore Neset.

– Vi leia 1-3 og burde hatt kontroll, men Nore Neset gav ikkje opp og kjempa oss faktisk ut av stilen, seier Søre Neset-trenar Bjarte Arentzen.

– Dei har nokre fryktlause juniorspelarar, eg må få berømma dei for den jobben dei gjer med ungdomane på Nore Neset, legg han til.

Ekstra tenning

Nore Neset kaptein Ivar Bøthun trekker også fram juniorspelarane etter laurdagens kamp.

– Vi har vore få på trening i sommar så vi var overraska over kor bra vi klarte oss i kampen.

– Og vi kan takka juniorane for mykje av det. Vi stilte med fem frå start og dei gjorde det veldig bra.

I tillegg til dei to som skåra i 2. omgang var Tor Erik Aasen, Glenn Hjelle og debutant Emil Drange med frå start.

– Det er ekstra tenning til desse kampane og juniorane hadde etter 4-1-siger over juniorane til Os i treningskamp før helga ekstra med sjølvtillit, seier Bøthun, nøgd etter innhentinga i heimekampen.

Første-, fjerde og åttandeplass.

Søre Neset ligg no på 4. plass, 4 poeng bak serieleiar, med éin kamp mindre spelt.

– Vinn vi hengekampen så har vi kontakt med toppen, seier Arentzen.

Nore Neset ligg på 8. plass, 12 poeng bak serieleiar, med to kampar mindre spelt.

SJÅ TABELL

6. divisjonslaget Søfteland, som speler i naboavdelinga, er serieleiar etter 9 sigrar og 2 tap, og vann 2-1 over Harding på bortebane laurdag.

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.