Sport | 18. jan. 2018

Nore Neset mister trenaren sin

Handballdamene søker etter erstattar for Fredrik Andresen.

Nore Neset mister trenaren sin
Fredrik har hatt nesten tre år som trenar for Nore Neset sitt damelag, men klarer ikkje lenger å kombinera det med dommarkarriera. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 18. jan. 2018 09:45

Fredrik Andresen, som saman med tidlegare lagkamerat Jørgen Wold satsar for fullt på dommarkarriere, har fått så tettpakka program at han må gje seg som trenar for damelaget til Nore Neset handball.

Midt i sin tredje sesong som trenar for 5. divisjonslaget har han fått klubben til å ordna ei midlertidig løysing.

– Det har gått fint å kombinera trenarolla og dømminga fram til og med september, så hopa det seg opp. Det har blitt mykje fråvær og dårleg samvit, seier Andresen.

Tidlegare spelar Birte S. Pedersen har overtatt og leier laget ut sesongen.

– Fredrik har gjort ein strålande jobb med damelaget, og vi synest det er trist å mista han. Samtidig forstår vi at det no blei vanskeleg for han, og at han må prioritera, seier Birte.

God spelarutvikling og klatring på tabellen

I 2015/2016-sesongen enda Nore Neset på 5. plass på tabellen. I fjor vår hadde dei håp om opprykk, men landa på 4. plass. Dei runda av sesongen med å slå serievinnar Tertnes med seks mål.

– Det har gått bra både med laget og med mange enkeltspelarar. Til saman har vi sendt frå oss 8 unge spelarar, 6 til Os i 2. divisjon (der to av dei no har kome tilbake til Nore Neset) og, no i haust, to til Bjarg sitt lag som speler Bring-serie.

Charlotte Pettersen, Nora Berge og Emma og Frida Lyssand speler no for Os sitt førstelag.

– Vi har prøvd å laga ein god arena for dei unge å utvikla seg på, samtidig har det vore mål å få fram spelarar som er så gode at dei er interessante for lag på høgare nivå. Sjølv om vi har sendt mange gode spelarar ut, har laget vårt klart seg bra sportsleg.

Årets sesong starta bra, men har vore noko svakare den siste tida. Nore Neset står med 4 sigrar og 5 tap etter 9 kampar, og ligg førebels på 5. plass.

– Fortener full merksemd

Dommarparet Andresen og Wold dømmer no mange kampar i 2. divisjon, og har mål om å få byrja å dømma 1. divisjon i løpet av 2018. I november fekk Andresen, då saman med Charles Whiteley frå Os handball, dømma damelandslaget (senior) i treningskamp mot Sør-Korea før VM i Tyskland.

Sjølv om det går rette vegen med dommarkarriera, synest Fredrik det er tungt å gå frå Nore Neset-damene.

– Det er ein herleg gjeng som alltid er i godt humør. Dei fortener ein god trenar som kan gje dei full merksemd.

– Sist trening eg var på var rett før jul, men det har blitt få økter frå oktober til no. Eg har sagt at eg i ledige stunder kan koma innom og hjelpa til, og er veldig glad for at eldsjeler som Birte har steppa inn og tatt ansvar. Ho har lang erfaring som trenar for 2001-årgangen og kjenner laget godt som tidlegare spelar.

Birte understreker at ho er ei midlertidig løysing, og at klubben ser etter ny trenar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.