Lokal | 03. mars 2016

Noreg på langs med Oselvar

Komande søndag er det duka for Oselvar-fokus i Båthallen på Hordamuseet.

Kjell Magnus Økland, Bjørn Tomren og Hallgeir Forstrønen Bjørnevik blir å treffa på Hordamuseet søndag. (Foto: privat)
Cathrin Valestrandtorsdag 03. mars 2016 10:17

Sommaren 2015 rodde Bjørn Tomren, elles kjend som jodlaren Polka-Bjørn, Noreg på langs med ein nybygd Oselvar.

Turen starta i Honningsvåg og enda på Lindesnes. Dette er den fjerde Noreg på langs-turen Bjørn har gjennomført.

Båten vart bygd våren 2015 av Hallgeir Forstrønen Bjørnevik i verkstaden hans på Bjørnen i Os. No står båten utstilt i Båthallen på Hordamuseet, der du kan sjå korleis ein rotur på 2000 kilometer pregar ein nybygd båt.

Les meir om då Tomren stakk innom Hallgeir Forstrønen Bjørnevik her.

Turen vart formidla undervegs av Kjell Magnus Økland via bloggen bjornpaalangs. Der kan ein sjå bilete og multimediereportasjar frå heile turen. Økland var óg med og rodde på delar av turen, og er forfattar av den komande boka om Oselvaren.

I multimedieforedraget på Hordamuseet søndag kan ein høyra røvarhistoriar frå roturen, bygginga og meir allment om Oselvaren. Innimellom vert det musikalsk underhaldning ved Oselvarbanden

Medverkande
Roar: Bjørn Tomren
Båtbyggjar: Hallgeir Forstrønen Bjørnevik
Bloggar/forfattar: Kjell Magnus Økland

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.