Fotball | 22. sep. 2019

Noregs beste J17-lag!

Nore Neset/Os med målkalas i finalen.

Noregs beste J17-lag!
Nore Neset/Os J17 vann Adidas Cup 2019. 
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 22. sep. 2019 16:22

Bildeserie:

Lagbilde etter gårsdagens semifinale. I dag er det nok minst like mykje jubel.
Lagbilde etter gårsdagens semifinale. I dag er det nok minst like mykje jubel.
1 av 1
Lagbilde etter gårsdagens semifinale. I dag er det nok minst like mykje jubel.

Nore Neset/Os vann i dag finalen i Adidas Cup, uoffisielt NM for jenter 17-klassen, sjølv om alle på laget utanom éin er ett eller to år yngre.

I går slo dei Gneist 1-0 i semifinalen, i dag sto Asker for tur.

Finalen starta klokka 16.30 og gjekk over 2 x 45 minutt.

Nore Neset/Os - Asker 5-0 (3-0)
Målskårarar: Agathe Lekven 2Ingeborg Hernes Leonsen, Lenea Hjelle Fløysand og Karoline Louise Hevrøy.
Finalens beste spelar: Lenea Hjelle Fløysand
Nore Neset/Os sin tropp: Anne Noss Nordvik, Thale Strønen Skeie, Kine Ullensvang Moland, Ingeborg Hernes Leonsen, Helene Søviknes, Anna Rød, Inger Christine Zhen Foldrup, Martine Nagelsen-Balland, Agathe Cøllestine Lekven, Karoline Louise Hevrøy, Lenea Hjelle Fløysand, Andrine Brunvatne Kvittingen, Celina Eide Døsen og Hedda Stamnes Lindbom.

– Anne (Noss Nordvik) hadde ei fantastisk redning på stillinga 0-0. Ingen andre hadde redda det skotet! Og den redninga var nok viktig.

– Eg har aldri sett jentene spela så bra, vi var nærmare ein endå større siger enn Asker var redusering, seier Morten Døsen, ein av trenarane til jentelaget.

Hovudtrenar Ørjan Sandal er einig.

– Å oppleva at jentene presterer som dette, i ein finale, var heilt vanvittig å sjå på! Jentene skal vera skikkeleg stolte over det dei presterte i dag!

– Ingenting som heiter «sliten» eller «litt vondt» når desse jentene speler kamp

Nore Neset/Os-troppen består av éin 17-åring, ti 16-åringar og tre 15-åringar.

Sandal synest Asker stilte sterkt, med fleire 17-åringar og samla sett ein fysisk meir robust tropp.

Likevel var strategien å løpa finalemotstandaren i senk.

– Stoler du så mykje på den fysiske formen til jentene dine?

– Dei er godt trente, men det er ikkje derfor dette var strategien. Eg veit at dei har unikt gode haldningar og samhald. Det er ingenting som heiter «sliten» eller «litt vondt ein plass» mens desse jentene speler kamp.

– Vi var førebudde på at vi kunne hamna under med eit mål eller to, men eg visste at vi, på ein stor bane i 2 x 45 minutt, ville ha fordel av det desse jentene er laga av. Og det såg ærleg talt ut som om Asker fekk litt sjokk over kva som møtte dei av tempo og aggressivitet.

Vegen til finalen

I puljespelet heime i Hordaland før sommaren slo dei Fana 7-0, Sotra 3-2 og spelte 2-2 mot Gneist.

I august tok Nore Neset/Os J17 seg til finalesluttspel i Adidas Cup med ein sterk 4-1-siger over Vidar. Sluttspelet går på Gjøvik, der jentene frå Nore Neset/Os vann semifinalen i går og var suverene i dagens finale.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.