Næringsliv | 23. mars 2017

Noregs beste Kiwi har blitt større

I dag var det snorklipping på Moberg.

Noregs beste Kiwi har blitt større
Butikksjef Trine Bjørkhaug Dyke klipte snora klokka 10 i dag, etter ei veke med stengt butikk og full ominnreiing. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 23. mars 2017 10:13

Bildeserie:

Dei første kundane fekk roser. (Foto: KVB)
Dei første kundane fekk roser. (Foto: KVB)
Regionsjef Mjøs og butikksjef Dyke. (Foto: KVB)
Regionsjef Mjøs og butikksjef Dyke. (Foto: KVB)
I juni i fjor blei nabohuset rive. (Foto: KVB)
I juni i fjor blei nabohuset rive. (Foto: KVB)
Parkeringskapasiteten har auka frå 35 til 72 plassar. (Foto: KVB)
Parkeringskapasiteten har auka frå 35 til 72 plassar. (Foto: KVB)
1 av 4
Dei første kundane fekk roser. (Foto: KVB)
Regionsjef Mjøs og butikksjef Dyke. (Foto: KVB)
I juni i fjor blei nabohuset rive. (Foto: KVB)
Parkeringskapasiteten har auka frå 35 til 72 plassar. (Foto: KVB)

Kiwi Moberg, som opna i 2010, blei planlagt utvida allereie i 2012.

– Kiwi Moberg har vore suksess frå dag éin. Butikken er i dag blant dei tre med høgast omsetnad på Vestlandet, og vil truleg bli den første etter Voss som passer 100 millionar kroner i omsetnad.

– Når det kjem til driftsmargin er Kiwi Moberg den beste av 652 Kiwi-butikkar i landet, seier regionsjef Jan Olav Mjøs.

I februar i fjor blei naboeigedomen kjøpt, i juni blei bustaden som sto på tomta rive. Så starta gravinga.

Stengte ei veke for full ominnreiing

Etter arbeidet med tomta byrja byggearbeidet i romjula.

– Vi har hatt butikken open i heile byggeperioden, med unntak av den siste veka, då vi har tatt full ominnreiing av butikken, seier butikksjef Trine Bjørkhaug Dyke.

Onsdag ettermiddag i førre veke blei butikken stengt, i dag klokka 10 var det nyopning.

Dobla parkeringsareal

Tilbygget er på 275 kvadratmeter, cirka 180 av desse er salsflate. Førre versjon av butikken hadde rundt 600 kvadrat med salsareal.

– I tillegg har vi fått meir enn dobbelt så stor parkeringsplass, med auke frå 35 til 72 plassar.

– Ein god arbeidsplass

Mjøs trekk fram butikksjefen si rolle som sentral i suksessen.

– Butikken utmerker seg nasjonalt, og eg har inntrykk av at god leiing og eit godt arbeidsmiljø er hovudårsaka. Vi ser òg at mange kundar er lojale, denne veka det har vore stengt på Moberg har vi hatt auke på dei to andre Kiwi-butikkane i Os. Nye Kiwi Haugsneset sette ny rekord i førre veke, seier regionsjefen.

• Les òg: Beste Kiwi på Vestlandet (2014)

– Vi er 28 tilsette, mange av oss på fulltid. Ungdom og andre som er på deltid har òg vore veldig stabile. Nokre av dei har reist vekk på skule, fleire av desse har kome tilbake når dei flyttar heim igjen.

– Vi har det travelt, men vi har det òg veldig kjekt. Eg har vore heldig med dei eg har fått med meg her på Moberg, seier Trine B. Dyke.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.