Lokal | 19. juni 2015

Noregs første beredskapsladar

Røde Kors 150 år: Vil bygga nett av beredskapsladarar i Os. Fekk den første i gåve frå Os kommune.

Noregs første beredskapsladar
Dagleg leiar i Hordaland Røde Kors, Lars Atle Skorpen og ordførar Terje Søviknes testa den nye beredskapsladaren (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 19. juni 2015 14:53

Bildeserie:

Leiar i Os Røde Kors, Nina Solvår Sælen og ordførar Terje Søviknes testa benken (foto: AH)
Leiar i Os Røde Kors, Nina Solvår Sælen og ordførar Terje Søviknes testa benken (foto: AH)
Barnehagebarn fekk opplæring i førstehjelp frå Henry (foto: Andris Hamre)
Barnehagebarn fekk opplæring i førstehjelp frå Henry (foto: Andris Hamre)
1 av 2

Røde Kors er i desse dagar på ein jubileumsturné rundt i Noreg der dei feiar at dei har 150 årsjubileum og markerar det gode samarbeidet organisasjonen har med kommunane rundt i landet.

– Her på Os har vi hatt eit særs godt samarbeid med kommunen i alle dei seksti åra Os Røde Kors har eksistert. Verdt å nevna er kanskje den støtta vi fekk då Røde Kors fekk den første ambulansen til Os i 1976, fortalde Lars Atle Skorpen, dagleg leiar i Hordaland Røde Kors.

– Under stormen Nina i vinter såg vi at fleire stader i Os var straumen vekke i både to, tre og fire dagar. Kontakten med omverda blei vanskeleg, ein gjekk fort tom for straum på mobilar, nettbrett og datamaskiner. Det vil vi gjera noko med, som første avdeling i Noreg, forklarte Skorpen før han overlot ordet til ordførar Terje Søviknes.

Vil bygga ut i kvar krins

På vegne av kommunen overrekte Søviknes den første mobile landestasjonen til Os Røde Kors.

– Som Lars Atle sa så var det fleire stader som blei isolert på grunn av trevelt under Nina og telenett og straumnett forsvann.

– Vi har ein god beredskap i dag, men dette kan vera med på å løfta den enno eit hakk. Eg håpar vi kan få til ein dugnadsinnsats, som osingane er så gode på, slik at vi kan få til slike ladestasjonar i kvar krins slik som Røde Kors ser for seg, helsa ordføraren før han starta det bensindrevne aggregatet og fekk fylt på mobilen med litt straum saman med Skorpen.

Røde Kors vil drifta ladestasjonene som ein del av deira beredskap.

På ein raudmalt benk

Det var ikkje berre kommunen som hadde med gåve til hjelpeorganisasjonen. Røde Kors hadde òg med noko i retur. Ein raudmalt benk.

– Vi ønskjer å synleggjera viktigheten av å møte andre, ta den gode praten og snakke med kvarandre. Vi har kanskje eit samfunn i dag kor vi drar oss i ei retning av at vi er oss sjølv nok. Det vil vi gjera noko med gjennom denne symbolske benken som vi saman med kommunen vil plassera ut ein eller annan stad her på Osøyro.

– Då eg sjølv vaks opp hadde vi ein slik plass. På Dragesethjørnet var staden kor osingane møttest og slo av ein prat. Kanskje vi finn plass for den der igjen, smilte Skorpen.

– Den skal få sin plass i sentrum. Om det blir på Dragesethjørnet eller ein annan plass får vi sjå på. Eg håper den blir flittig brukt, takka Søviknes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.