(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Noregs første nettopp ferdig

Over 20 gjestar var på plass då Byggmester Kjell Aarvik AS i dag presenterte det spektakulære Moment-huset frå Norgeshus. Midtsiden var med på omvising.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Bas Kristoffer Heggeland og lærling Kristian Røttingen skjenka Mozell i glasa då Aarvik i dag fekk besøk av leverandørar for synfaring i Noregs første hus av typen Moment i Norgeshuskatalogen.

Så kom prosjektleiar Bjarte Aarvik, bror og kollega Kjetil og pappa Kjell med ein buss med gjestar.

– Eg har faktisk ikkje sett huset sidan kranselaget. Bjarte har hatt frie tøylar og dette synest eg verkeleg har blitt bra, seier Kjell.

Les òg: Her heng Noregs første Moment-hus

Frå idé til ferdig bustad

Til å klippa snora hadde Aarvik besøk av Norgeshus-direktør Dag Runar Båtvik.

– Det er nesten tre år sidan vi kom med katalogen der Moment-huset pryda forsida. Huset fekk enorm merksemd, men det var først to år seinare at noko våga å bygga det, sa Båtvik før han klipte snora i dag.

Arkitektane John Birger Grytdal og Elisabeth Lilleby frå Norgeshus var òg på plass i Halhjemsmarka.

– Huset er, som mange av husa vi leverer, tilpassa tomta. Det er i grunnen få som plukker eit hus i katalogen utan å justera på noko, derfor liker vi å kalla det ein idékatalog, seier Grytdal.

Dei to er nøgd med resultatet. Målet blei som ideen, eit hus der du får kjensla av å sveva, med redusert fotavtrykk på ei fin naturtomt.

– Denne tomta er jo fantastisk, det same er panoramautsikta, synest Lilleby.

Innspurt med kjapp trappeproduksjon

Sjølv om huset er spesielt blei det ferdig til planlagt tid, nokre timar før påskeferien.

– Vi har hatt stålkontroll heile vegen, seier Bjarte Aarvik.

Bas Heggeland seier dei har vore frå to til fire mann på prosjektet. Tømrararbeidet starta i mai i fjor. Litt spennande blei det likevel i slutten.

– Trappa har 5,5 meter lang vang, i eitt stykke. Desse var på plass hos fabrikken, men produksjonen av trappa var ikkje starta då Bjarte ringte torsdag morgon før påske.

Klokka 20 torsdag kveld blei ferdig trapp lasta på bil, klokka 2 natt til fredag blei den levert og frå klokka 7 og 2-3 timar fram blei den, som siste finish på huset, montert. Så blei det ferie før utvask denne veka.

Tilreisande og lokale leverandørar

Blant dei tilreisande gjestane var representantar frå leverandørar som Optimera, Sigdal Kjøkken, Nor-Dan, Swedoor, Stryntrappa, Modena, Flexit og Glava.

Mykje av arbeidet, i tillegg til tømrararbeidet, er gjort lokalt.

Lokale leverandørar og handverkarar er alt frå Grunn og Betong, Betongentreprenør Sveinung Borgen, Murmester Kjell Røttingen og Osøren Gulvstøp til Sperrevik Elektro, Sverre Samdal Rørleggerforretning, Malermester Terje Kvittingen, Johs Sælen, Fløysand Tak og Os Blikk & Fasade.

Kva blir prislappen?

Fleire har vist interesse for huset, men prisen blei ikkje bestemt før i dag og det er heller ikkje gjort forsøk på å selja det før no.

– Vi legg ut huset til helga. Det gler eg meg veldig til, dette må vera eit av dei finaste husa i Os, i eit nabolag med mange andre veldig flotte bustadar, seier Daniel Røksund frå Eiendsomsmegler Vest.

Huset har eit bruttoareal på 228,5 kvadratmeter og inneheld blant anna to stover, to bad og tre soverom.

– Eigedomen får ein prisantyding på 7,5 millionar kroner.

Fleire saker

  • Det vart høne i år òg ...

    19. april 2019

    Trass i lite snø vart det påskehøne - for niande året på rad - for familien Holdhus/ Vevle.

  • Påskeprat med Tove

    19. april 2019

    Fem kjappe spørsmål med Tove Tvedt Skarstein.

  • Maritas verd

    19. april 2019

    Marita Moe Sandven vart saman med Ole Amund Gjersvik headhunta til å spela under Festillene i Bergen - det er berre eitt av fleire prosjekt ho...

  • Undersøkte ulykkesstaden i natt

    19. april 2019

    Statens vegvesen og krimteknisk kopla inn grunna alvorlegheitsgraden av MC-ulykka i Industrivegen.

  • MC-ulykke i Industrivegen

    18. april 2019

    OPPDATERT: Motorsyklist henta av luftambulanse - skal ha køyrt inn i lyktestolpe.

  • Påskeprat med Eirik

    18. april 2019

    Fem kjappe spørsmål med Eirik Søfteland

  • Møkka tok straumen til 700

    18. april 2019

    Ein uheldig bonde på Bø kortslutta straumnettet - brannvesenet rykte ut og tok seg av vaskinga.

  • 700 utan straum i Os

    18. april 2019

    OPPDATERT: Klokka 12.30: Straumen tilbake for dei fleste - 57 kundar framleis utan straum. BKK melder om «driftsforstyrrelse»