Noregs mest moderne brannstasjon

VIDEO: Os kommune overtok onsdag beredskapshuset på Moberg. Bygget skal husa både legevakta og brann- og redningsvesenet.

Andris Hamreonsdag 12. des. 2012 16:39

Bildeserie:

..og om mannskapa skulle vera i tvil om kva som er kaldt og varmt vatn, så er det godt merka (foto: AH)
Brannmannskapa har fått tenelege garderobar og moglegheiten for ein dusj etter endt oppdrag (foto: AH)
Bygget er svært avansert med mange tekniske finessar og løysingar (Foto: AH)
Brannstang må sjølvsagt ein brannstasjon ha (foto: AH)
Varabrannsjef Arne Monsen testar stanga, som han kjempa for å få på plass (foto: AH)
Venterommet på legevakta har blitt lyst og triveleg (foto: AH)
med ein tapet arkitekten fekk frie tøylar til å velga (foto: AH)
Behandlingsromma på legevakten er romslege og utforma slik at tryggleiken til dei tilsette er ivaretatt (foto: AH)
Innvendig utsmykning visar kven som held hus der (foto: AH)
Og tek med seg gamal historie, med denne 12 meter lange stigevogna (foto: AH)

1 av 10

Entreprenørane klarte målet prosjektleiar Tor Inge Døsen hadde sett; 12.12. 2012 klokka 12.12. skulle det nye beredskapshuset på Moberg stå ferdig og overtakast av Os brann- og redningsvesen saman med Os og Samnanger Legevakt.

- Takk for at de har stått på for å rekka den magiske datoen.

- Huset kjem i 12. time, men det har vore ein leik å administrera prosjektet, helsa Døsen, korpå Mikael Leigland, som har hatt entreprisa responderte med at han hadde tona ned sine krav slik at Tor Inge fekk det som han ville og dermed nådde dei målet.

- Litt tilfeldig, men då vi skulle utfakturera resten i dag tidleg, så var det jammen meg faktura nummer 12 vi skreiv ut, fortalde Leigland, og hausta latter frå dei om lag 60 frammøtte.

Strålerør frå den første brannbilen

Den gamle brannstasjonen på Osøyro sto ferdig for ganske nøyaktig 50 år sidan.

- I byrjinga av mi tid disponerte vi halve underetasjen der nede, etterkvart blei det meir, men allereie i 1991 byrja eg å jobba for å få ein ny stasjon på plass, fortalde gamlebrannsjefen Klaus Helland, som hadde tatt vare på eit strålerør som var i bruk på den første brannbilen Os kommune fekk i 1951.

- Eg hadde håpa eg skulle få lov å overrekka den til den nye brannstasjonen, smilte Helland.

- Denne skal vi montera saman med stigevogna ved inngangen og nytta aktivt når skular og barnehagar kjem på besøk, kvitterte dagens brannsjef, Stein Gjøsund.

Opnar for fullt på nyåret

Riktignok tar ikkje Gjøsund med seg mannskapa opp på Moberg riktig enno.

- Vi har fått eit teneleg beredskapshus, truleg den mest moderne brannstasjonen i Noreg.

- Men før vi tar den i bruk skal vi vera sikker på at alle dei tekniske finessane fungerer. Eg vil ikkje risikera at mannskapa blir ståande utanfor fordi ei eller anna datamaskin ikkje fungerer som den skal.

- No skal vi testa ut huset, så flyttar vi opp bilane og alt utstyret på nyåret, fortalde Gjøsund.

Legevakta først på plass

Nokre vil ta bruket aktivt i bruk allereie på denne sida av jul. Os og Samnanger legevakt flyttar 18. desember frå dei mellombelse lokala i Os Næringspark til den nye beredskapshuset.

- Vi har fått det utruleg flott og kan mest ikkje venta på å flytta opp her, fortalde dei tilsette då Midtsiden snakka med dei etter den offisielle opninga.

VIdeo, 4.40: Sjå og høyr elevar frå Kongshaug Musikkgymnas underhalde, brannsjef Stein Gjøsund forklara korleis ein har tenkt i høve til bruken av huset og varabrannsjef Arne Monsen fortelja om historia til brannvesenet i Os (foto: Andris Hamre/Midtsiden.no)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.