Noregsmeister!
Laurdag blei Joakim Sælen noregsmeister på 10 km kappgang. Sundag kan han gjenta bragden på den doble distansa.
Ungguten Joakim Sælen frå Nore Neset gjekk fort under NM i kappgang på bane på Fana Stadion laurdag formiddag.
Ny personleg rekord på distansen med tida 42.57.26 helt til siger og NM-gull i seniorklassa på 10 000 meteren.
Allereie sundag har Sælen moglegheiten til å dobla medaljebeholdninga då han stiller til start på den doble distansa, 20 kilometerene.
Det var ikkje berre ungguten som gjorde det skarp at osingane laurdag. Med seg på pallen fekk Sælen kappgangveteranen Erling Andersen som gjekk inn til bronse på tida 57.42.26.
Fredrik V. Røtnes frå BUL-Tromsø Friidrett sneik seg mellom dei to osingane med tida 45.42.27.