Kultur | 01. juni 2019

Noregsrekord? 75 år i mannskor

Henrik Eidsvik (90) fekk spesiallaga plakett av Os Mannskor.

Noregsrekord? 75 år i mannskor
Korforbundet hadde ikkje merke for 75 år i kor, men Henrik Eidsvik fekk likevel plakett på årsfesten 25. mai. (Foto: Solveig Hoff)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 01. juni 2019 07:19

I januar fylte han 90 år, i mars blei han hylla med helsing i avisa for sitt 75 år lange medlemsskap i Os Mannskor.

«Dyktig songar, blid og omgjengeleg, og full av historier frå mannskorsoga - heilt frå han som 14-åring i 1943 hadde søkt om medlemskap, og alle «gamlingane» måtte røma salen når ungdomane skulle prøvesyngja for dirigenten Henrik Lyssand. Heldigvis hugsar han betre enn dei fleste. Eit døme: Neste gong du er på mannskorkonsert, sjå etter han i fremste rekkja som klarar seg utan notar. Det er Henrik» skreiv kameratane frå koret.

Korforbundet opplyser at det finst ikkje medaljar eller andre heidersteikn for songarar som har vore så lenge i mannskor.

Men til årsfesten 25. mai hadde dei likevel ordna eit heidersmerke til Eidsvik.

– 75 år i same kor er truleg noregsrekord, seier formann Jan Erik Bugge.

Det nærmaste Midtsiden klarer å googla seg fram til er Nordlys si omtale av Bardu Korforening, stifta i 1872. I 2015 fortalde dei om Arne Pettersen, som då hadde sunge i 70 år. Om han framleis syng er han eitt år bak Eidsvik.

• Les òg: Dette skreiv Os Mannskor då Eidsvik fekk diplom for 70 år i koret

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.