Lokal | 25. mars 2018

Norge Rundt filma Turboklubben

Herleg snøvêr og ivrige turboborn laga perfekt ramme for NRK.

Norge Rundt filma Turboklubben
NRK gjer klar for at Turboklubben skal helse heile Noreg god påske (foto: André Marton Pedersen)
Andris Hamresøndag 25. mars 2018 08:38

Bildeserie:

Påskeskirenn kan lagast enkelt (foto: Ola Spangelo)
Påskeskirenn kan lagast enkelt (foto: Ola Spangelo)
Litt bålkos høyrer med på tur (foto: André Marton Pedersen)
Litt bålkos høyrer med på tur (foto: André Marton Pedersen)
Turbo kom og delte ut diplom til deltakarane (foto: André Marton Pedersen)
Turbo kom og delte ut diplom til deltakarane (foto: André Marton Pedersen)
1 av 3
Påskeskirenn kan lagast enkelt (foto: Ola Spangelo)
Litt bålkos høyrer med på tur (foto: André Marton Pedersen)
Turbo kom og delte ut diplom til deltakarane (foto: André Marton Pedersen)

– Kan vi starta no??, roper barna i kor. Dei har allereie fått skia på og er klare for påskeskirenn med Turboklubben frå Lysefjorden. Dei ivrigaste har bygd eit opp og flyr nedover bakken. For anledninga er dei samla i eit herleg kaos på Bontveit saman med NRK sitt Norge Rundt-team.

– Det er veldig kjekt at NRK vil vera med å filma Turboklubben på tur. Vi jobbar for eit enkelt og naturvenleg friluftsliv og at borna kan bli trygge og glade i naturen vår. Eg håper at vi med dette kan inspirera til at det blir laga enno fleire turboklubbar rundt omkring i Noreg, seier Turboklubbgeneral André Marton Pedersen.

Hektisk TV-innspeling

NRK hadde ein stram innspelingsplan, og det var mykje som skulle filmast i løpet av hektiske timar på Bontveit.

– Dei store mengda med nysnø gjorde heller ikkje jobben så enkel for TV-teamet som ikkje hadde ski med. Men dei jobba intens og fekk til slutt alle opptaka dei trengde.

– Dei filma masse leik og moro i snøen, hoppkonkurranse og ikkje minst påskeskirennet, fortel Pedersen.

Lågterskel påskeskirenn

Å laga påskeskirenn treng ikkje vera så avansert, meiner Pedersen.

– Gjer det enkelt! Bruk kva de har av utstyr på hytta eller heime. Av stavar kan de laga ulike hinder som borna kan smyge seg under. Og kva med å plassere eit troll i løypa som borna må komma seg forbi?

– Mange har ballar og blikkboksar liggande frå 17. mai. Bruk gjerne dei.

– Og så er det jo kjekt med eit lite påskeegg eller sjokoladebit undervegs, seier turboklubbgeneralen.

Ønskjer Noreg god påske

Etter Turboklubben sitt påskeskirenn kom Turbo, maskoten til Barnas Turlag og delte ut diplom til alle barna, også dei som var i barnevogn.

– Etterpå samla NRK alle dei femti frammøtte for å ønskje heile Noreg god påske. Turbokubben sine barn og foreldre ropte så høgt at programleiar Thomas Marthinsen fall bakover og rulla nedover i snøen, til stor latter og glede for alle, ler Pedersen.

Sendinga blir vist på NRK på langfredag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.