Næringsliv | 15. des. 2022

Norges Bank aukar styringsrenta

Norges Bank melder samstundes at renta mest sannsynleg vil auke meir i løpet av første kvartal i 2023.

Norges Bank aukar styringsrenta
RENTEHOPP: Norges Bank aukar renta igjen. (Foto: Norges Bank)
Eirin Eriksen Horvei
Eirin Eriksen Horveitorsdag 15. des. 2022 12:40

Torsdag sette Norges Bank opp renta med 0,25 prosent. Dermed ligg styringsrenta no på 2,75 prosent.

– Komité for pengepolitikk og finansiell stabilitet har einstemmig vedtatt å heva styringsrenta. Renta vil mest sannsynleg auke endå meir i løpet av første kvartal i 2023, skriv Norges Bank i ein pressemelding.

Komiteens vurdering er at det framleis er behov for ein høgare rente for å dempe inflasjonen.

– Konsumprisane har stige raskt, og prisveksten er klart over målet. Det er framleis høg aktivitet i norsk økonomi, og arbeidsløysa har heldt seg svært låg. Samstundes ser vi no eit omslag i økonomien, og høgare prisvekst bidrar til svekt kjøpekraft for hushaldningane. Mindre press i økonomien vil etter kvart bidra til å dempa prisveksten.

Det vidare forløpet for renta vil avhenga av den økonomiske utviklinga.

– Prognosane for norsk økonomi er meir usikre enn normalt, men går det som vi no trur, vil styringsrenta liggja rundt 3 prosent neste år, seier sentralbanksjef Ida Wolden Bache.

– Dersom presset i økonomien held fram, og inflasjonen heldt seg høg lenger enn vi nå anslår, kan det bli behov for ein høgare rente enn det vi nå ser for oss.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.