Norges beste hotell!

Solstrand Hotel & Bad er kåra til det beste hotellet i Noreg – både av Nettavisen og av TripAdvisor.

Solstrand Hotel & Bad er kåra til Noregs beste hotell i kåringa «Travelers Choice 2015» (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 23. jan. 2015 11:41

I førre veke lista Nettavisen opp Noregs 25 beste hotell – med Solstrand på topp.

No er kåringa «Travelers Choice 2015» gjort. Det er den internasjonale reisenettstaden TripAdvisor som står bak rangeringa, som i reiselivsbransjen er vurdert som ei av dei viktigaste kåringane.

I fjor kom Solstrand Hotel & Bad på andreplass bak The Thief i Oslo.

No har hotellet ved Bjørnafjorden tatt eitt steg opp og toppar lista over dei 25 beste hotella i Noreg.

«Lovely in every way. Fabulous views from the beautifully landscaped gardens. Professional and friendly service. And the outdoor heated pool overlooking the fjord is just stunning.», skriv ein av anmelderane.

Av fem moglege poeng, får Solstrand, 4,5 poeng, med toppscore på beliggenheit. Dei andre kriteria som er vurdert er sovekomfort, romma, servicen, pris og reinhald.

Vel 74 % av dei som har gitt si vurdering av hotellet omtalar hotellet som «Excellent».

God score for Bjørnefjorden

Også det andre hotellet i Os, Bjørnefjorden Gjestetun, scorar godt hos brukarane av TripAdvisor.

Bjørnefjorden får fire av fem moglege poeng på samtlege av dei fem kriteria og hotellet blir i meir enn 85 % av tilfella omtala som «Very good» eller betre.

«Small hotel with nice view» og «A quiet and discreetly rustic place», er to av omtala hotellet får.

Her er dei 25 beste i Noreg

Desse hotella er dei 25 beste i Noreg i følgje TripAdvisor.

1. Solstrand Hotel & Bad, Osøyro
2. Kleivstua Hotell, Krokkleiva
3. The Thief, Oslo
4. Venabu Fjellhotell, Ringebu
5. Clarion Collection Hotel Bryggen, Ålesund
6. Dalen Hotel, Dalen
7. Støtvig Hotell, Larkollen
8. Clarion Collection Hotel With, Tromsø
9. Hotel Ullensvang, Lofthus
10. Clarion Collection Hotel Folketeateret, Oslo
11. Lysebu, Oslo
12. Strand Hotel Fevik, Grimstad
13. Clarion Hotel & Congress Trondheim, Trondheim
14. Saga Hotel Oslo, Oslo
15. Clarion Hotel Stavanger, Stavanger
16. Scandic Bakklandet, Trondheim
17. Clarion Collection Havnekontoret, Bergen
18. Balestrand Hotel, Balestrand
19. Clarion Collection Hotel Tollboden, Drammen
20. Hotel Continental Oslo, Oslo
21. Clarion Collection Gabelshus, Oslo
22. Thon Hotel Kirkenes, Kirkenes
23. Thon Hotel Opera, Oslo
24. Vatnahalsen Høyfjellshotell, Myrdal
25. Scandic Narvik, Narvik

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.