Lokal | 19. jan. 2010

Norsk talent?

Han hadde ikkje planar om å stilla på audition, men Facebook-venane pressa på.

Norsk talent?
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 19. jan. 2010 09:32

For nokre veker sidan meldte Geir-Magne Johnsen seg på årets Norske Talenter på TV2. Men då det nærma seg pre-cast i Bergen blei han usikker på om han skulle stilla.

- Pre-cast var sundag og måndag, og eg sat laurdagskvelden og tenkte på om eg skulle møta opp. Så var eg så dum at eg skreiv på Facebook at visst 50 personar "liker dette" så stiller eg, fortel Geir-Magne.

Johnsen jobbar for Møller Bil og har drive med musikk på fritida sidan han var ung. Han er kjent som bassist og vokalist i Untouchebl(u)es, men dei siste åra har han for det meste vore einsleg, men sosial trubadur i bryllaup og andre festlege lag.

- Det var berre rundt 10 venar som var logga på Facebook då eg la ut meldinga, men sundag formiddag hadde over 60 huka av for at dei likte det eg skreiv, altså at eg skulle stilla.

Han tok likevel ikkje turen til Bergen sundag 10. januar.

- Eg var på handballkamp med ungane i Nore Neset Aktivitetshus. Medan eg sat i sekretæriatet ringte dei frå Norske Talenter og sa at dei sakna meg. Eg blei så forfjamsa at eg gav motstandarlaget eit mål dei ikkje skulle hatt, og lovde å stilla måndagen etter klokka fire.

Også kollegaer hadde fått med seg kva han hadde på gang og då klokka var 15.30 jagde dei han av garde til by´n.

- Dei heldt på å rigga ned på Torgalmenningen, men sendte meg vidare til hotell Terminus. Eg stilte utan gitar og juryen såg ut til å lika songen min.

Han gjekk vidare frå pre-cast til audition, men har ikkje lov å fortelja korleis det gjekk framfor neste jury. TV2 sender frå audition i Bergen fredag 5. mars. Då kan det henda du får sjå korleis det gjekk med Geir-Magne Johnsen frå Søre Øyane.

Veit du om andre osingar som har vore på audition til Norske Talenter?
Tips Midtsiden.no på mobil 90789270 eller kjetil@midtsiden.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.