Lokal | 10. jan. 2017

Norske Vard leverer LNG-ferger til E39

Torghatten Nord har i dag inngått avtale med Vard Brevik om bygging av to nye LNG-ferger til E39 Halhjem - Sandvikvåg.

Norske Vard leverer LNG-ferger til E39
Vard Brevik skal bygga to ferger for Trollhatten Nord til bruk på sambandet Halhjem-Sandvikvåg (ill: Multi Maritime)
Andris Hamretirsdag 10. jan. 2017 13:18

I november inngjekk Torghatten Nord AS kontrakt med Statens Vegvesen for drift av fergesambandet Halhjem - Sandvikvåg på E39 frå 2019 til og med 2026 og deretter 5 x 1 års opsjoner på vidare drift. Samla kontraktsverdi inklusive opsjonsåra er på omlag 5 milliardar kroner.

Eit krav i kontrakten er at sambandet skal driftast av ferger med lavutslippsteknologi basert på eit gass-elektrisk framdriftsanlegg inklusive ei batteripakke.

Norsk verft fekk oppdraget

No har Torghatten Nord satt to ferger i bestilling hos norske Vard Brevik i Porsgrunn med levering i 2018.

– Vi gler oss over å ha kome i mål med avtale om levering av to store og teknologisk avanserte ferger for levering frå Vard i Noreg. Konseptet på dei nye fergene er utvikla av Multi Maritime og Torghatten Nord, og er tilpassa behova og kravspesifikasjonane for fergesambandet Halhjem – Sandvikvåg på E – 39 i Hordaland, seier Torkild Torkildsen, administrerande direktør i Torghatten Nord i en pressemelding.

Plass til 550 passasjerer

Fergene blir bygd med eit romsleg bildekk med plass for 180 personbilar på hovuddekk. Dei blir 130 meter lange og 20,7 meter breie og vil operera med ein hastigheit på omlag 18 knop. Passasjerkapasiteten er på 550 passasjerar. Det er òg lagt vekt på redusert støynivå om bord, så vel som for dei nære omgivelsane.

– Det er langt ned ein stor innsats for å utvikla ein type fartøy som vil møta framtida sine krav til energieffektivitet og lavutslippsteknologi. Fergene vil få installert eit gasselektrisk hybrid framdriftsanlegg med batterier som gjer at forbruk og utslipp frå gassmotorane blir redusert. Batteripakken blir arrangert som plug-in med lading av strøm frå land.

Lang erfaring

Vard er natruleg nok nøgd med å få kontrakta verd omlag 600 millionar norske kroner.

– Eg ønskjer Torghatten Nord velkomen som ny kunde av Vard. Vi ser fram til å jobba samen med deira team på dette spennande prosjektet, kor vi skal kombinera LNG-løysingar med batterisystem. Vi har lang erfaring i å bygga LNG-drivne fartøy og leverte verdas første LNG drivne bil- og passasjerferge tilbake i år 2000, seier Roy Reite, konsernsjef i Vard i ei pressemelding.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.