November 2025: Marknaden i Os
Snitt salstid førre månad? Berre ni dagar! Men eit anna tal er uvanleg lågt!


«Marknaden i Os» er ei fast spalte på Midtsiden frå oktober 2017, skriven av eigedomsmeklar Espen Hjertholm. Hjertholm presenterer offisielle salstal for førre månad, ser bak tala, og fortel samtidig om status og utval i dag, og kva som er venta av månaden som kjem.
Berre éin månad står igjen før bustadsmarknaden 2025 kan oppsummerast
I november blei det selt 36 bustadar i den opne marknaden, noko som er 7 fleire enn november i fjor.
Det kan sjå ut som at dei 36 bustadane blei selt med éin gong, då salstida ligg i snitt på 9 dagar.
I snitt så langt i år har det blitt selt 49,6 bustadar per månad i 2025.
Uvanleg god marknad i november
November plar å vera ein månad der kjøparar kan gjera gode kjøp, og det ofte er mindre konkurranse om husa.
Det blei selt 36 bustadar, der snitt salstida hamna på kun 9 dagar. Til no i år er salstida på 37 dagar.
Det blei selt 17 leilegheitar med ei salstid på 10 dagar, og halvparten av desse gjekk over antyda pris.
For einebustadane som blei selt, var det omvendt, med 50% sal under antyda pris på dei 12 husa som vart selt. Det tok i snitt 14 dagar å selja einebustad i november.
Ifølge Eiendom Norge er bustadsmarknaden opp med kring 0,7 % i november på landsbasis, og prisveksten er endå sterkare i Bergen og omegn.
Norges Bank sette ned renta i juni og september, noko som normalt gir høgare bustadsprisar. Det viser seg at effekten av nedsetjinga har byrja å koma.
Stort tilbod av nybygg
I skrivande stund ligg det 13 brukte bustadar for til sals i Os-delen av kommunen, og 201 nybygg.
Dette er uvanleg med så lågt tilbod i starten av desember, og lite tydar på at det kjem ut mange fleire før jul.
Nybyggbransjen får kanskje meir interesse i tida som kjem, då fleire av dei store prosjekta i Os byrjar å ta form.
Det var byggestart i Telleviko i november, og eit prosjekt i Stegen nærmar seg ferdig. Eit trinn i eit prosjekt i Lysefjorden er nesten utselt, og trinn to er i gang med salet.
Det er selt fleire einingar i nye «Kongshaugen» på Hauge, og i Strøno vert det innflytting i første kvartal på fleire nybygg.
Harmoni og økonomi
Det er viktig for marknaden at fordelinga av nybygg og bruktbustad harmonerer, det gir god flyt av sal. Nokre av dei prosjekta som nærmar seg ferdig har allereie fått prisvekst, og fleire av dei nye prosjekta kan vera lurt å vurdera dersom du har en plan om flytting innan dei neste tre åra.
Ikkje berre kan du rekna med ein verdiauke på nybygget du kjøpar, du får òg med deg verdiauken av eigen bustad mens du ventar på at nybygget blir ferdig.
Fleire osingar blir ofte buande i husa lengre enn for eksempel i Bergen. Det ligg mykje vedlikehald i eit eldre hus, og vi ser at fleire eldre kjøper nybygg når prosjekta nærmar seg ferdig.
Reint økonomisk kan det vera lurt å selja eldre hus dersom dei ikkje blir vedlikehalda jamleg, for at verdien ikkje går andre vegen enn resten av marknaden. Då kan nybygg vera eit godt alternativ, då får du dessutan god tid til å gjera deg og eigedomen klar for sal.
Sal vs prisantyding november:
• 32 % under prisantyding
• 28 % lik prisantyding
• 40 % over prisantyding
Sal vs prisantyding til no i år:
• 38 % under prisantyding
• 14 % lik prisantyding
• 48 % over prisantyding
Dagens utval og marknad
I skrivande stund ligg det, i Bjørnafjorden kommune:
- 14 einebustadar
- 21 tomannsbustadar
- 16 rekkjehus
- 171 leilegheiter
... for sal på Finn.no - i til saman 45 annonsar.
Det er akkurat halvparten så mange annonsar som i fjor på same tid. Av dei 45 annonsane ligg berre 21 som brukt bustad, men 3 av dei er selt, 3 er nybygg og 2 ligg på Fusa-sida.
Det vil seie at berre 13 av bustadane som er for sal ligg i Os og er brukte. Det ligg no ute 111 fleire leilegheitar enn på same tid som i fjor.
Det er venta mindre aktivitet i desember enn i november, men det er no kjøparar kan gjera eit godt kjøp – før marknaden kviknar til igjen på nyåret.
Eigedomssal og snittprisar i den opne marknaden:
November 2023
19 sal
Snittpris: kr 3 566 863,-
Snittpris kvm: 35 152,-
Omsetnadshastigheit: 68 d
November 2024
29 sal
Snittpris: kr 3 563 021,-
Snittpris kvm: 36 834,-
Omsetnadshastigheit: 67 d
November 2025
36 sal
Snittpris: kr 4 777 817,-
Snittpris kvm: 43 478,-
Omsetnadshastigheit: 9 d





