Lokal | 30. nov. 2020

NRK: Os sentrum om 80 år

Lite snø, høg vasstand og sverdfisk i fjorden: Ny rapport ramsar opp kortsidig effekt av middels gode klimakutt.

NRK: Os sentrum om 80 år
Brygga utanfor Os Sjøfront 10. februar i år. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 30. nov. 2020 21:37

«Velkommen til Bjørnafjorden i år 2100!» skriv NRK i ein rapport der rikskanalen tar for seg konsekvensen av middels gode klimakutt - kommune for kommune.

Journalistane har samla fleire tusen opplysingar frå norske og internasjonale forskarar, men understreker at dette ikkje er eit skrekkscenario - dette er konsekvensen viss vi er middels flinke med klimakutt i verda dei neste åra.

For Bjørnafjorden kommune ser det sånn ut:

  • 2,2 gradar høgare snittemperatur - altså tilsvarande som København
  • Sommaren blir éin månad lengre
  • Vi får 6 % meir nedbør og 50 % kraftigare styrtregn
  • Vasstanden blir 30 cm høgare (i ny sentrumsplan blir det tatt høgde for 70 cm)
  • 200-års stormflo vil koma minst éin gong i året
  • Årets mest snørike dag blir nesten halvert i snødjupne, frå 22 til 13 cm

Under ser du eit kart over korleis ein 200-stormflo vil prega Os sentrum, det sjøen blant anna vil omkrinsa rådhuset - zoom i kartet på Kartverket.no

Os sentrum under stormflo i 2090. (Kartverket.no)
Os sentrum under stormflo i 2090. (Kartverket.no)

Artsmangfaldet blir kraftig påverka, det vil koma fleire framande artar, oppdrettarane får ei utfordring med laksen - og det vil koma artar som sardin, ansjos og sverdfisk (!) i Bjørnafjorden.

NRK er òg innom tal for skrekkscenariet, altså at vi held fram som før.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.