Kultur | 01. sep. 2020

Null respons på digital fiskekonkurranse

– Vi merka tidleg at det ikkje var interesse.

Null respons på digital fiskekonkurranse
Mørkt resultat for årets digitale fiskekonkurranse i Øyane, men arrangørane ser allereie fram til tradisjonell konkurranse neste år. (Ill.foto: KVB)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightirsdag 01. sep. 2020 08:58

I starten på august vart det klart at det ikkje blei noko av årets Oselvarfestival eller Kulturminnedagane.

Men fiskekonkurransen i Øyane, som òg har vore del av «Kystkultur no!» (tidlegare Kystsogevekene) skulle gå av stabelen - i utvida versjon.

Konkurransen, som skulle vara i to veker, vart arrangert av Redd Barna Cup. Med den årlege fotball- og sandvolleyballturneringa avlyst grunna koronapandemien, tok primus motor, Tommy Aasen, utfordringa med å laga til ein alternativ fiskekonkurranse.

– For å unngå ei stor samling med folk på kaien til Bunnpris Vedholmen Landhandel, opnar vi for over to veker med fiske, og digital innmelding av fangst, sa Aasen til Midtsiden 16. august.

• Les òg: Redd Barna Cup redda fiskekonkurransen (2019)

Null respons - null fangst

I ei årrekkje har folk trossa vêr, vind, og travle etter skulestart-helger for å ta del i den populære fiskekonkurransen i Øyane.

Konkurransen var offisielt ferdig i går, måndag, men det er ikkje mykje fangst å melda om, fortel ein noko resignert Aasen;

– Fiskekonkurransen var det rett å slett null respons på, så den kan vi seia at rett og slett ikkje gjekk i boks.

– Vi hadde ei vurdering i førre veke, og bestemte oss for å ikkje gjera noko meir ut av den no på slutten. Det hadde ikkje kome inn noko som helst av digital fangst.

Skal evaluera og koma sterkt tilbake

Aasen syntest det er synd at konkurransen ikkje fekk den oppslutnaden han og dei andre arrangørane hadde håpa på.

– Ja, det er synd, men sånn er det berre. No får vi som arrangørar heller ta ei evaluering og sjå kva som kan vera grunnen til den låge interessa.

– Det kan jo vera at vi laga det heile for komplisert, og at folk ikkje deler like mykje fiskebilde på sosiale media, som dei til dømes gjer med turbilde.

– No skal vi uansett evaluera oss sjølve, og viktigast av alt; drøyma om å få til den tradisjonelle fiskekonkurransen att til neste år, avsluttar Aasen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.