Ny arealplanrullering allereie i neste valperiode
Fleire hyppige og avgrensa rulleringar vil gje oss ein meir dynamisk KPA for Bjørnafjorden.


Arealplanprosessen i Bjørnafjorden er no inne i ein viktig fase der ein vurderer arealinnspel frå grunneigarar og andre interessentar. Nokre får areala sine med vidare til konsekvensutgreiing (KU) og risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS).
Andre vert skuffa fordi akkurat deira arealinnspel vert silt vekk i denne omgang.
Det er ulike grunnar til at enkelte arealinnspel ikkje går vidare. Ofte er det knytt til stort konfliktpotensiale i høve nasjonal arealpolitikk, til dømes knytt til naturmangfald, myr, jordvern eller strandsone.
I andre høve treff ikkje arealinnspellet i høve dei arealkategoriane som kommunen har bede om innspel på i denne arealplanrulleringa. Her kan det imidlertid opna seg moglegheiter i kommande rulleringar.
Å rullera Kommuneplanens arealdel (KPA) er krevjande. Det tek ofte lang tid, og krev store ressursar. Ein skal sjå all arealbruk i kommunen i ein heilskap, og skal ta omsyn til svært mange interesser både hos innbyggjarane og eksterne aktørar. Ofte oppstår det interessemotsetnader og målkonfliktar.
Dessverre er det mange eksempel på at KPA-prosessar kan strekkja seg over 10-12 år før ein er i mål. Det er i praksis ingen tent med.
I ein så lang tidsperiode endra samfunnet og behova seg, ein vel nye politikarar kvart fjerde år, tilsette sluttar i jobben og nye kjem til. Ein får dermed ikkje kontinuitet i arbeidet.
I den pågåande prosessen med ny arealplan for heile Bjørnafjorden har vi difor freista å skru saman ein planprosess som skal gjennomførast innanfor ein valperiode på fire år.
Målet er å vedta ein felles KPA for Bjørnafjorden før kommunevalet hausten 2027.
Eit hovudgrep for å lukkast med ei slik framdrift er å avgrensa kva arealtypar ein skal handsama i denne planrulleringa.
Til dømes inneheld eksisterande arealplan for Bjørnafjorden Vest, vedtatt så seint som i 2023, relativt mykje bustadareal som enno ikkje er bygd ut. Ein har difor vurdert at ein ved den rulleringa som pågår no ikkje treng å sjå på nye bustadareal i denne delen av kommunen .
I Bjørnafjorden Aust er situasjonen ein annan. Der har vi ein eldre arealplan får 2015, og vi treng nye attraktive bustadareal for i bidra til auka folkevekst også i den delen av kommunen.
Dette og andre tilhøve har kommunestyret vurdert, og i desember vedtok ein kva arealkategoriar vi skulle konsentrera oss om i denne planrulleringa;
- setja av eigna område til bustad på austsida av fjorden nært sentrumskjerne (maks 2 km gangavstand) i definerte sentra med tenestetilbod eller langs kollektivaksen Eikelandsosen – Venjaneset.
- setja av eigna område til bustadar nært omsorgsteneste (maks 500 m) i heile kommunen.
- setja av eigna område for spreidd bustadbygging i område som i dag har spreidd busetnad
- setja av eigna område til næring nært eksisterande infrastruktur som overordna vegnett og kollektivaksar, kai, vatn- og avlaup.
- setja av eigna område til offentlege føremål nært brukarar, overordna vegnett og kollektivaksar.
- å justere, endre eller setja av nye eigna område for havbruk for å sikre høgast mogleg verdiskaping innafor berekraftige rammer.
- få innspel på område der naustområde på land vert kopla til hamneområde i sjø.
- få arealinnspel som er positive for naturen og/eller folkehelsa, t.d. viktige område for naturmangfald, idrett og friluftsliv.
Av lista over ser ein mellom anna at bustadareal i Bjørnafjorden Vest ikkje er med. Det er heller ikkje fritidsbustader eller naust i heile kommunen.
Arealinnspel knytt til desse føremåla vert difor automatisk silt vekk i denne planrulleringa.
Dette er sjølvsagt frustrerande for dykk som har sendt inn innspela, men prosessen er lagt opp slik for å avgrensa planarbeidet til eit handterbart omfang og sikra framdrifta.
Då formannskapet handsama alle arealinnspela 30. april merka ein seg at relativt mange innspel nettopp omhandla bustad på vestsida av fjorden, samt naust og hytter på begge sider av fjorden.
FrP og Høgre fremja difor eit framlegg om at vi allereie no skal varsla ei ny rullering av Kommuneplanens arealdel (KPA) i neste valperiode, med arealkategoriar knytt til mellom anna bustad i Bjørnafjorden Vest, samt fritidsbustad og naust i heile kommunen. Dette fekk samrøystes tilslutning i formannskapet.
I klartekst tyder dette at Bjørnafjorden kommune raskt skal i gang med ei ny rullering av KPA, der mellom anna dei grunneigarane som har innspel på bustad i vest, naust og fritidsbustader skal få fokus.
Ein slik framgangsmåte, med fleire hyppige og avgrensa rulleringar, vil gje oss ein meir dynamisk KPA for Bjørnafjorden.
Vår vurdering er at det vil tena alle partar, og sikra ei positiv vidareutviklinga av heile lokalsamfunnet vårt.
Terje Søviknes (FrP)
Ordførar Bjørnafjorden kommune





