Lokal | 23. des. 2011

Ny artistdugnad

I fjor blei nesten 40.000 kroner samla inn. I år stiller artistar på ny opp for Sigrid, og for Vindfanget.

Ny artistdugnad
Initiativtakarane Ingvild Hetlevik og Hallgeir Bjørnevik saman med Sigrid Tvedt (midten). (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 23. des. 2011 05:42

Dei tidlegare Join Us-kollegaene Ingvild Hetleflåt og Hallgeir Bjørnevik arrangerte i fjor ein svært vellykka støttekonsert i Os kyrkja.

Over 400 møtte fram i Os kyrkje og fekk med seg ein flott romjulskonsert med mange av dei flinkaste musikarane i bygda.

Les òg: Os bryr seg

Konserten var gratis, men med kollekt i døra på veg ut. Inntektene gjekk til Sigrid Tvedt sitt frivillige og uorganiserte arbeid for dei som har det litt vanskeleg, og over 37.000 kroner kom inn.

– Sigrid har brukt pengane fornuftig, til innkjøp av hobbyutstyr som ho bruker saman med dei ho tar seg av, som pil og boge og utstyr til kunstmåling, fortel Bjørnevik.

Sigrid har også fått seg eit lokale der ho held på å innreia ein møteplass, og ho har fått ein varebil.

Støttekonsert også denne romjula

Ingvild og Hallgeir vil gjenta suksessen og heller ikkje i år har det vore vanskeleg å samla saman artistar til dugnad.

– Vi har fått frå øvste hylle, seier Hallgeir nøgd.

Deler inntektene

Også i år er det gratis inngang og frivillig å gje på veg ut etter konserten.

Årets inntekter blir delt mellom Sigrid Tvedt og Vindfanget oppfølgingssenter.

Orbo og Gina - Heine og Padden

Konserten startar klokka 19.30 torsdag 29. desember.

Desse musikarane kan du oppleva i år: Orbo & the longshots, Gina Aspenes, June Strønen, Martin Myrlid Herfjord, Rune Døsen Dahl, Marita Hjelle, Heine Salbu, Jan Atle "Padden" Åserød, Leif Østrem, Fonos, Frida S. Bjørnevik, Annveig Myklebust Fjellstad, Vondt i ryggen, Kristina Sørås, Anne Solberg Andersson, Øyvind Vedvik og Marius Vedvik.

I tillegg blir det ein appell ved fengselsprest Stein Rune Ottesen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.