Næringsliv | 15. jan. 2024

Ny Askeladden nominert til pris - samtidig er dei på 1. plass på Finn

– Positivt for merkevara, seier Dyrstad, snart på veg til Düsseldorf.

Ny Askeladden nominert til pris - samtidig er dei på 1. plass på Finn
Askeladden C61 kjem i tre variantar, og er eldste av 16 Askeladden-modellar. (Foto: Askeladden Boats)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 15. jan. 2024 13:04

Askeladden er Norges mest selte båtmerke på Finn.no i 2023, kunne Båtmagasinet fortelja før helga.

– I alt var det 2.968 selte bruktbåtar av merket Askeladden i fjor, fortel dagleg leiar Jonathan Dyrstad.

– Å toppa denne lista får nok ikkje nokon umiddelbar effekt på nybåtsalet, men er bra for merkevara, ei stadfesting av at Askeladden står seg over tid og at det er ein båt du får selt om du ein dag vil skifta den ut.

På 2. plass er SeaDoo vannskuter med 2.488 sal, mens Yamarin, Pioner, Uttern og Rana kjem på dei neste plassane.

Snittprisen på dei nesten 3.000 brukte Askeladden-båtane som blei selt i fjor var 208.461 kroner mot 172.900 året før.

– Snittprisen på brukte båtar går opp, men er framleis låg med tanke på at dei billigaste nye modellane kostar 700.000-800.000 kroner. Men vi har vore lenge i marknaden, og nokre sal av dei eldre og mindre båtane drar fort ned snittprisen.

– Har du indikator på kven som sel mest nye båtar i Norge?

– Nei, det er vanskeleg eller umogleg å veta. Då måtte vi hatt obligatorisk registrering av alle båtar i Norge. Det har dei i Finland, der vi er ein liten aktør blant fleire finske merke. Likevel er 15-20 båtar selt i Finland ofte nok til at vi ligg høgt oppe på lista over mestseljande nye båtar.

Nominert til nok ein pris

Til helga reiser Dyrstad til Europas største møteplass for båtfolk, messa i Düsseldorf.

Der vann Askeladden saman med Parker i fjor pris, Askeladden C78 var Power Boat of the Year blant båtar under 10 meter i lengde.

Dagleg leiar Jonathan Dyrstad og hovudaksjonær Henrik J. Askvik på plass i Düsseldorf laurdag kveld. (Foto: Askeladden Boats)
Les ògÅrets båt i Europa: Askeladden vann prisen!

Dei er nominert igjen i år, denne gong for det nye flaggskipet, C97, som blei lansert førre sesong.

– Det er stort, og det blir spennande. Det er òg litt kjekt at vi leiar den uformelle avstemminga på Båtmagasinet, men marginen er knapp.

Les ògNytt flaggskip: – Vår største nokosinne

Askeladden C97, eller Parker 100, som båten heiter på kontinentet, har fått 50 prosent av stemmene hos Båtmagasinet sine lesarar. Quicksilver sin Navan C30 har 48 % mens 2 av dei 3 andre har berre 1 % kvar.

– Denne avstemminga påverkar jo ikkje juryen i Düsseldorf si avgjerd, men er kjekk å følgja med på.

– I Düsseldorf er vi spente på korleis båtjournalistar vurderer vår skandinavisk tilpassa båt opp mot dei som er bygde for å cruisa rundt i Middelhavet. Berre éin av jurymedlemmane er norske.

(Askeladden har eit samarbeid med Parker om utvikling og design, og lager nærmast identiske båtar mot kvar sin marknad).

Fleire messer og ny lansering

Askeladden har 16 modellar. 10 av dei i C-serien, 6 i P-serien.

Den eine av desse, C83, har gått ut av produksjon, ein annan er på veg inn.

– I slutten av januar lanserer vi C91 digitalt. Så blir det verdspremiere på Gøteborg den første helga i februar og norgespremiere på messa på Sotra helga etter, fortel Dyrstad.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Hald deg oppdatert med Midtsiden

Få tilgang til alt innhald frå Midtsiden-redaksjonen. Som abonnent hjelper du oss på veg til å kunna dekka endå meir av det som skjer i Os!

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.