Egil Leganger opna i dag sin tredje og største YX 7-Eleven etter å ha blirr leigetakar hos Tveit-familien på Os. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Ny bensinstasjon og 7-Eleven opna i dag

Snikopning: – Det viktigaste er på plass, men opningsfest og døgnope må venta ei lita veke, seier kjøpmann Egil Leganger.

image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I helga tok familien Tveit avskjed med Best-stasjonen, søndag kveld overtok Egil Leganger nøkkelen.

Klokka 6 fredag morgon opna drivstoffpumpene og butikken, foreløpig med noko redusert utval.

– Drivstoff, kioskvarer og bestseljarane innan ferdigmat, som baguettar og calzone, er på plass. Det er òg den populære kylling-menyen, med nuggets og burger av norsk kyllingfilet.

– Men vi skal bli knallgode på is og frozen yoghurt, og her ventar vi framleis på både utstyr og varer.

Frå 8 til 20 sitjeplassar

Etter fire dagar med maling og montering av eige dekor, eigne lampar og nye sitjegrupper var det i dag klart til å opna.

– Vi har flytta dei to sitjegruppene, laga ny kaffikrok og flytta delar av spelekiosken. Mengda sitjeplassar er auka frå 8 til 20.

8 drivstoffpumper under tak er erstatta av 6 nye, mens to pumper er plomberte. Avgiftsfri og lastebilpumpe kjemp òg ny, men er foreløpig berre omprilert med YX-logo.

Både tipping og hest skal halda fram.

Døgnopen frå neste veke

Han har to YX 7-Eleven frå før, men dette er den største, i alle fall i areal.

– Vi har opningsfest 7 minutt på 11 torsdag 11. april. Då skal alt vera på plass, og då byrjar vi òg med døgnope. Kanskje vil stasjonen òg bli den største i omsetnad, når vi har drift døgnet rundt.

– Korleis har du auka bemanninga?

– Vi har auka frå 9 til 12 tilsette, og har folk frå andre stasjonar på plass for å læra resten opp i 7-Eleven-menyen.

Lina Raguckiene, som jobba hos Best frå før, blir butikksjef.

Fleire saker