Lars Skorpen er aktuell med nok ei bok om historia til heimbygda og folk frå Os, denne gong om 30 innhaldsrike år. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Ny bok: Lars Skorpen held fram der Os-soga slutta

«Glimt frå Osbygda» om livet i Os og viktige osingar frå 1930 til 1960.

image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Tysdag kom boka frå trykkeriet og rett i hylla på den lokale bokhandelen Ark på Amfienteret, to dagar i neste veke sit forfattar Lars Skorpen på Liens og signerer bøker.

«Glimt frå Osbygda, 1930-1960» følgjer opp der Nils Tveit si Os-soge sleppte taket.

– Det er to ting som sette meg på sporet av denne boka, seier Lars Skorpen.

I 2012 kom Skorpen si bok om komponisten Henrik M. Lyssand (1912-1989) frå Os, i 2016 kom boka hans om «bygdehovdingen» i Os, Nils Tveit (1876-1949).

• Les òg: Soga om han som skreiv soga
• Video: 200 år av Os soga 

– Då eg skreiv om Henrik Lyssand, slo det meg at han har opplevd mange spennande periodar i Os, då eg skreiv om Nils Tveit fekk eg lyst å halda fram der Os-soga slutta.

Den siste soga handlar om Os fram til 1932.

35 prosent arbeidsløyse - så kom krigen

«Glimt frå Osbygda, 1930-1960» tar for seg livet i Os frå dei tøffe 30-åra, via krigen og inn i ein forsmak på dagens velferdssamfunn.

– I starten på 1930-talet var det veldig tøffe tider. Arbeidsløysa var på rundt 35 prosent, men folk fann trøyst i underhaldning. Revyane i Fjellheim på 30-talet har fått sin plass i boka.

Mot slutten av tiåret gjekk det langt betre. Så kom krigen, etterfølgd av ei tid med vekst frå 1945 til 1960.

– Det er 30 innhaldsrike år. Eg prøver å skildra både kvardagen, kulturlivet og arbeidslivet i Os desse tre tiåra.

Kjeldene til Skorpen er muntlege, fem osingar i 90-åra. Ein av dei fyller 100 år i neste veke.

Svik og heltemot

Boka fortel ikkje berre om 30 år av livet i Os, den har minibiografiar av fem osingar den er delvis sjølvbiografisk og den byr på meiningsinnhald om lærarrolla.

– Eg er spent på mottakinga og eventuelle reaksjonar på boka, seier Lars.

Ein av dei han har skrive miniportrett av er Sigurd Bugge (1902-1978). Bugge var NS-mann og ordførar i Os under krigen, noko han måtte sona fengselsstraff for.

– Eg har skrive både om kunstnaren og mennesket Sigurd Bugge, men òg om politikken. Han redda livet til onkelen min, Odd Tøsdal (gift med Lars si tante Margit Skorpen, seinare stortingsrepresentant Margit Tøsdal)  under krigen. Og han blei heidra med status som æresmedlem i Os Musikkforening, som var leia av motstandsfolk, etter at han hadde sona straffa si.

– Bugge hadde med seg 11 mann i Os heradsting, 10 av desse var ikkje NS-folk. Mange meiner dei tok ein del av støyten for osingane. Men eg filosoferer litt i boka om moglege årsaker til at eit godt menneske og ein fin kunstnar som Bugge blei NS-mann.

Korleis få tak i ein god lærar?

Lars Skorpen er fødd knappe to månadar før krigen var over, og hadde ungdomstida si i siste del av epoken han skriv om i denne ferskaste boka hans.

«Glimt frå Osbygda» er delvis sjølvbiografisk, og det er ikkje berre via bøker at Skorpen har vore ein formidlar i heimbygda si. Lars har vore lærar i 35 år, 25 av desse åra på Nore Neset ungdomsskule.

I boka har han eit eige kapittel so heiter «Lærarrolla».

– Her prøver eg å fortelja politikarane korleis dei, på ein betre måte, kan finna dei vaksne personane som bør vera i eit klasserom. 

– Sjølv hadde eg planar om ingeniørstudie ved NTH då eg prøvde læraryrket og skifta retning. Opp gjennom åra har eg sett nyutdanna, med store studielån, raskt finna ut at dette ikkje passar for dei. Eg vil tru at læraryrket må vera eit av dei verste å mislykkast i, å kvi seg til å møta elevane i staden for å gle seg, seier den pensjonerte læraren og aktuelle lokalforfattaren. 

LARS SKORPEN

• Fødd 16. mars 1945.
• Pensjonist frå 2011 etter mange år som ungdomsskulelærar ved Nore Neset skule.
• Mangeårig seglflyinstruktør i Os Aero Klubb.
• Var medforfattar for første gong då han i 1985 sto for nynorsken i ei lita bok (Den svarte fredagen) om eit luftslag over Førdefjorden.
• Seinare har det blitt mange artiklar i bladet Osingen, der han sat i redaksjonsnemnda i ti år, og deltaking i fleire hefte, ved sidan av bøkene han har skrive eller vore involvert i.

Bibliografi (eigne):
Ein flygeidé - OAK 50 år (1996)
Skeie i skulesoga (2003)
Rosemålarane - ei slektskrønike (2006)
Bushpilot (flygaren Arne Mæland) (2009)
Musikar og medmenneske - Henrik Lyssand 100 år (2012)
Bygdehovdingen Nils Tveit (2016)
Glimt frå Osbygda 1930-1960 (2019)

Bibliografi (deltatt i):
Den svarte fredagen (1985)
Os Turnforening 100 år (2005)
Arne Mæland - Livet, leiken og draumen (2009)
Kafé Club Intim (2012)

Fleire saker