Handball | 15. okt. 2023

Ny bortesiger til Os

Hadde kontroll frå start til slutt. Mens toppskårar og hovudtrenar var vekke.

Ny bortesiger til Os
Pia blei dagens toppskårar med 4 spelemål og 4 frå 7 meter. (Arkivbilde: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 15. okt. 2023 18:03

Os spelte i dag sin fjerde serierunde og andre bortekamp på rad.

Kampen gjekk mot Viking, som hadde 27-22-tap borte for Stord som einaste resultat før kampstart.

Os stilte denne gong utan Anna Bjørke Kallestad, og hovudtrenar Emil Fjær var på haustferie fram til han kom i hallen litt ut i kampen.

Men både resten av Os-laget og resten av trenarteamet, Kenneth Husebø og Hilde Kristine Røttingen, klarte seg greit.

Os leia 0-3 og 1-6 før det sto 8-19 til pause.

Andre omgang blei ikkje like suveren, men i motsetnad til førre kamp sleppte dei ikkje vertane like tett oppi.

Åtte mål blei det nærmaste før 20-29 blei til sluttresultatet 23-29.

– Det var fart in angrepsspelet og bra forsvarsspel, der vi fekk brot og brukte det bra, samtidig som backane våre varierte fint og skåra mykje, seier Kenneth Husebø.

– Det er kjekt å sjå korleis spelet og relasjonane mellom dei som er nye for kvarandre utviklar seg gradvis.

Viking - Os 23-29 (8-19)
Os:
Siri Eide Børtveit (keeper) og Karina Askeland Søviknes (keeper), Pia Kjelsrud Johansen 4+4, Marie Storum Vik 5, Emilie Hjertnes Halhjem 5, Emma Yael Husebye 3, Vilde Djupvik Fyllingen 3, Leah Munz-Kløve 3, Oda Ruud Bakke 2, Maren Evensen 1, Thurkka Sofie Velalakan og Thiet Kim Dang.

Også neste Os-kamp går borte, då mot Fyllingen 2, som har tapt 2 av 2 til no. Neste heimekamp er først 11. november.

Saknar du å sjå seniorhandball i Oshallen så kan du sjå nyopprykka Os 2, som har vunne 2 av 2 i 5. divisjon, mot Sædalen førstekomande tysdag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.