I dag blei ny bru slept til Øyane og lagt inntil den gamle, i morgon startar monteringa. (Foto: Christina Forstrønen Bruarøy)

Ny bru landa i dag

Den flytande vegen til Brattholmen er i ferd med å bli tryggare.

image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Innsatsen til innbyggarane på Brattholmen i Søre Øyane er i ferd med å løna seg, i dag blei ny flytebru slept på plass mellom Gjelevika og Toreidpollen, frå Røtinga til Brattholmen.

• Les òg: Endeleg i hamn (kommunestyrevedtak, april 2016)

Det er 11 bustadar på Brattholmen. Utleige av båtplassar og støtte frå Os kommune har vore med på å finansiera ny og breiare flytebru.

– Neste dobbelt så brei

– Det er to hovudårsaker til at vi ønskjer ny bru. Den eine er at dagens bru er 30 år gamal, den andre handlar om tryggleik, seier ein av innbyggarane på øya, Asbjørn Vågen.

Den nye brua er 5 meter brei, nesten dobbelt så brei som den førre. I tillegg har den betre oppdrift.

– No kan brannvesenet sin 18 tonn tunge mannskapsbil koma til Brattholmen òg, om det trengs, og i det daglege får vi ei tryggare bru for fotgjengarar.

Når fotgjengarar møter bilar på brua, kan det bli smalt og utrygt, spesielt om det er brøytekantar eller om det er glatt og mørkt på brua.

– Vi som bur på Brattholmen har hatt ein uskriven regel om ikkje å køyra ut på brua når det er fotgjengarar der, men det er ein del andre enn oss som bruker brua, folk som kjem på besøk og liknande.

Pris på over 3,5 millionar kroner 

Ny bru med montering får ein prislapp på 3,5 til 4 millionar kroner. Etne Betong har laga brua, Valen Marina skal stå for montering.

Før førre helg blei båtane fjerna, så var det stor dugnadsinnsats for å fjerna utriggarane til dei 40 båtplassane. Slepet av ny bru blei utsett nokre gongar, grunna vanskeleg vêrforhold, men blei gjennomført i dag.

– Slepet skal ha gått fint, opp i 9 knop på det meste. Men det bles litt opp, så snittfarten var visst 6 knop, fortel Jan Kjetil Berland.

Stengt for biltrafikk

I dag blei ny bru lagt inntil gamal bru, i morgon startar arbeidet med å skifta bru.

– Alle som bur på øya har fått beskjed om å ta bilen sin over til Røtinga innan klokka 8 måndag morgon.

Så skal éin og éin landgang løftast med kran frå båt for å få ny bru på plass.

– Ny bru kan nok køyrast på allereie måndag ettermiddag, men det står mykje arbeid igjen med montering av utriggarar, derfor vil vi ha brua fri for biltrafikk fram til onsdag.

På sikt skal det òg kjøpast to nye landgangar. Den gamle brua er selt og skal slepast med utriggarar til Eikelandsosen.

– Det skal bli godt å få ny bru på plass! Når dei to no ligg side om side ser vi tydeleg kor stor forskjell det er på 3 og 5 meter breidde, seier Berland.

Fleire saker