Næringsliv | 04. juni 2011

Ny butikk i Os sentrum

Opnar i juni: Frir til ungdomen med kjente merkevarer som Billabong, Quicksilver og Roxy.

Ny butikk i Os sentrum
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 04. juni 2011 15:50

Bli varsla om siste nytt:
Følg Midtsiden på Facebook

Dei siste tre månadane har tre butikkar i Os sentrum lagt ned. Men fornying av Osøyro er allereie i gang, i eitt av lokala som no står tomme kjem det snart ein motebutikk med ungdomsretta kvalitetsmerker, eit tilbod drivarane meiner har vore etterlengta i Os i lang tid.

– Det er cirka fem år sidan eg byrja å snakka om å starta ein butikk på Os. Årsaka var at eg såg at både mine eigne ungar og venane deira valfarta til Bergen for å kjøpa t-skjorte, genser eller sko av hottaste merke, fortel Anders Heggeland.

Fleire delte ideen

Anders leita opp distributørar av dei mest ettertrakta merka og kom i dialog med fleire av desse. Samstundes nemnte han ideen for broren Kristoffer og hans svigerinne, frisør Lena Stigen Mathisen.

– Då Lena flytta heim til Os frå Austlandet for fire år sidan, og byrja å spørja etter namn og nummer til desse leverandørane, så fekk eg litt panikk for at ho skulle stela ideen min, ler Anders.

Men ideen blei lagt på is av begge to. Fram til no.

Overtar Kleiven-lokalet

– Då nokre av desse gamle travarane la ned så fekk vi inspirasjon igjen, seier Lena og Anders om nedleggingane av Fagerthun, Kolaas og Kleiven.

Denne veka overtar dei lokalet som Kleiven laurdag hadde siste opningsdag i. No blir det oppussing døgnet rundt i ein liten månad.

– Vi satsar på opning til marknadsdagane, så vi har ikkje god tid på oss. Kjem vi ikkje heilt i mål så får vi nøya oss med å selja i telt utanfor butikken, litt torgsal blir det nok uansett på oss den helga.

Latter og lytting

Anders, Kristoffer og Lena har oppretta selskapet LoL Os AS og butikken får same namn. Ungdomsuttrykket, som betyr å le (ut) høgt, er ikkje det einaste butikkdrivarane i 30-åra vil adoptera frå kundegruppa.

– Vi kjem til å ha klede og tilbehør for gutar og jenter frå størrelse 13 år. Det vil seia klede som passar for ungar frå rundt 10-årsalderen.

Roxy, Outfitter Nation, Billabong og Quicksilver er blant merka dei vil satsa på.

– Sjølv om mange av desse lager kule klede også for vaksne, vil vi ha hovudfokus på ungdom. Vi vil derfor lytta til ønskje dei måtte ha og innreia i fresh stil.

Ein leikeplass

Sofa og playstation er blant det som skal på plass i lokalet der det i skrivande stund truleg framleis står ein gamal kjøttdisk og ei sag.

– LoL skal bli ein kjekk plass å koma innom anten du skal handla eller berre sjekka utvalet.

Verken frisøren Lena, golvstøyparen Anders eller tømraren Kristoffer kjem til å slutta i jobbane sine for å driva butikken dei no skal bygga.

– Vi treng nok fleire enn oss sjølv, men vi eigarane blir nok representert på vaktlista vi òg, seier Lena, førebels med vareinnkjøp og innreiing i tankane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.