Ny byvekstavtale klar til signering

Tidleg i februar sa formannskapet i Bjørnafjorden kommune med knapp margin, ja til byvekstavtalen - no er avtalen med Staten klar.

Den nye byvekstavtalen skal signerast til hausten. Her frå Lyseklostervegen. Ill.foto: KVB
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighmandag 31. aug. 2020 09:35

Tidleg i februar sa formannskapet i Bjørnafjorden kommune med knapp margin, ja til byvekstavtalen og 270 millionar kroner.

No får bergensområdet ny byvekstavtale – staten bidreg med over 13 milliardar kroner.

– Den nye byvekstavtalen for Bergensområdet skal bidra til å redusere klimagassutslepp, kø, luftforureining og støy. Byvekstavtaler er eit viktig verkemiddel for å sikre ein miljøvennleg byutvikling. Arealbruken skal bli meir effektiv og veksten i persontransporten skal skje med kollektiv, sykkel og ved at folk går meir, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF) i ei pressemelding i dag.

Den nye byvekstavtalen gjeld for perioden 2019–2029 og erstattar dagens byvekstavtale. Staten bidreg med om lag 13,1 milliardar kroner i perioden.

Fire nye vekstkommunar med i avtalen

Samferdselsdepartementet skriv vidare i pressemeldinga at avtalen legger til rette for berekraftig byutvikling i Bergensområdet, gjennom effektiv arealbruk og klimavennlege transportløysingar.

Et viktig grep i den nye avtalen er at fire nabokommunar til Bergen no kjem inn som avtalepartar: Alver, Askøy, Bjørnafjorden og Øygarden.

– Det er veldig positivt at også nabokommunane til Bergen blir med i byvekstavtalen. Det vil gi betre samordning av areal- og transporttiltak i heile Bergensområdet, noko som vil gjere kvardagen enklare for alle som reiser kollektivt, syklar eller går, seier Nikolai Astrup, kommunal- og moderniseringsminister (H).

Ja til 270 millionar, men ikkje utan usemje

Då formannskapet i februar skulle handtera saka, var administrasjonen si innstilling positiv. Saka hadde òg tidlegare vore til forhandling både i mai og i desember 2019.

Harald Lekven, tidlegare Sp, no uavhengig, sa at han såg på byvekstavtalen som det viktigaste han kom til å vera med å stemma over i denne perioden.

– De veit kva eg meiner om by og urbanisering, og årsaka til at eg gjekk inn for kommunesamanslåing mellom Os og Fusa var nettopp å bevara bygdepreget i Os, sa Lekven då.

Lekven gjekk så langt at han såg på avtalen som å ta i mot judaspengar;

– Det er store pengebeløp det er snakk om, men eg vil ikkje vera med på å ta imot, unnskyld uttrykket; judaspengar.

Varaordførar Mikal Leigland (Sp) sa under møtet at han ikkje driv ikkje med politikk fordi det er gøy, men at han driv med politikk for å få noko til.

– Eg liker ikkje avtalen, men eg liker pengane.

Terje Søviknes (Frp) sa han hadde vore imot avtalen frå start.

– Dette er noko dagens regjering har arva frå førre raudgrøne regjering, og prøvd å gjera det beste ut av. Men å legga opp til null vekst i biltrafikk utanfor storbyane gir ikkje oss i Bjørnafjorden kommune nok handlingsrom i arealpolitikken.

Formannskapet gjekk til slutt, med gjekk med 5 mot 4 stemmer (Ap, MDG, Sp, KrF og Høgre mot 3 Frp og Lekven) inn for å seia ja til avtalen.

Signering til hausten

Midlane frå den nye byvekstavtalen går mellom anna til tiltak for kollektiv, sykkel og gåing og til auka belønningsmidlar. Dette utgjer om lag 8 milliardar kroner. Om lag 3,6 milliardar kroner går til statleg 50/50-bidrag til Bybanen til Fyllingsdalen.

Den nye byvekstavtalen følger opp bompengeavtalen frå 2019 frå staten si side. Dette betyr at det statlege bidraget til Bybanen til Fyllingsdalen vert auka frå 50 til 66 prosent. Denne auken på om lag 1,1 milliard kroner er øyremerkt tiltak for å redusere bompengane og betre kollektivtilbodet. Staten gir også tilskot på 500 millionar kroner til reduserte billettprisar på kollektivtrafikk.

Signering vil skje seinare i haust. Avtalen er mellom staten (ved Samferdselsdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet), Vestland fylkeskommune og kommunane Bergen, Alver, Askøy, Bjørnafjorden og Øygarden.

Bakgrunn:

Våren 2018 inviterte Samferdsledepartementet og Kommunal- og moderniserings- departementet partane Hordaland fylkeskommune og kommunane Bergen, Lindås, Askøy, Fjell og Os til forhandling om ny byvekstavtale.


Gjennom byvekstavtalar inngår stat, fylkeskommunar og kommunar eit forpliktande samarbeid om å finansiere eit meir miljøvenleg transporttilbod i storbyområda. Kommunar og fylkeskommunar som inngår byvekstavtale med staten skal leggja til rette for ein arealbruk som mellom anna byggjer opp under staten sine investeringar i kollektivtransport, sykling og gange.

Det er eit tydeleg mål at den framtidige veksten i transportarbeid skal takast med dei miljøvenlege transportformene, og ikkje med personbil.

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Knappe 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.