Fotball | 22. juli 2020

Ny Dyngeland på plass: Sander erstattar storebror

Etter eit effektivt opphald i militæret er Fana-guten klar for Os.

Ny Dyngeland på plass: Sander erstattar storebror
Sander Lønne Dyngeland (21) skåra 4 mål på 5 kampar for Andenes mens han var i militæret. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 22. juli 2020 08:21

Stian Lønne Dyngeland fekk 20 kampar på to halve sesongar for Fram Larvik etter at han gjekk frå Lysekloster. I fjor sommar kom den eksplosive angrepsspelaren til Os, spelte 6 kampar på hausten og skåra eitt mål.

– Det var kjipt å mista Stian, både som person og spelar, men han fekk jobb i politiet i Odda, og då blei avstanden for stor, seier hovudtrenar Endre Brenne.

Den åtte år yngre broren til Stian, 21-åringen Sander Lønne Dyngeland, er klar til å overta oppgåver på Kuventræ.

– Stian likte seg så godt her, og anbefalte meg Os då eg var ferdig med førstegangstenesten, fortel Sander.

Debuterte for Fana i fjor

Begge brørne har vakse opp i Fana, og i klubben Fana. Sander debuterte for A-laget frå start borte mot Fyllingsdalen i juli i fjor.

På hausten spelte han i 4. divisjon i Nord-Noreg mens han var inne til teneste.

Det blei 4 mål på 5 kampar for Andenes.

– Vi synest det er kjekt å få inn same blod. Dei har ganske likt lynne, Stian og Sander, tøffingar på banen, men samtidig gladgutar. Sportsleg er Sander ein offensiv back med ein god venstrefot, seier Brenne.

Sjølv synest Sander det er veldig kjekt å vera i trening med Os, men er førebudd på at det kan bli rart å spela mot moderklubben Fana, om han får speletid når den tid kjem.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.