På fredag kan du gå på Festspillene i Bergen - i Fjellhallen på Solstrand. Geir Draugsvoll og Mette Ramussen sin konsert er den første av i alt 11 Festspillene-konsertar i Os. (Foto: KVB/ FiB)

Ny Festspill-konsert i fjellhallen til Solstrand

Festspillene i Bergen har 11 konsertar i Os. Den første i morgon.

Av: Kjetil Osablod Grønvigh

Festspillene i Bergen er i gang, og direktør Anders Beyer held fram med å ta delar av Festspillene ut av by’n.

Austevoll, Bømlo, Ullensvang og Os er alle vertsskap.

– Eg synest det er ei glede å stilla Fjellhallen til disposisjon, seier Børrea Schau-Larsen frå Solstrand Hotel & Bad.

I fjor vart det rift om billettane til konserten med Nordvegen-prosjektet.

I Os er det i alt 11 FIB-konsertar, åtte på Museet Lysøen, to på Oseana og den første i Fjellhallen til Solstrand.

Nordiske stemninger og argentinsk lidenskap i Fjellhallen

Akkordeonist Geir Draugsvoll gjesta Festspillene seinast i 2018, den gong for å framføre «Sofia Gubaidulinas Fachwerk», skrive for nettopp han.

I år kjem han saman med den danske pianisten Mette Rasmussen for å spela to konsertar: I Fjellhallen på Solstrand og i Knarvik kyrkje.

På repertoaret står nordiske folketoner, nyare nordisk musikk og sjølve «varemerket» til denne duoen: Verk av tango nuevo-ens far, argentinske Astor Piazzolla.

Draugsvoll er kjend for sitt virtuose spill og breie sjangerspenn, og har reist verda rundt på festivaler og konsertarenaer.

Ei musikalsk reise med gitar, saksofon og pepefon ​

Jazzmusikarane Christoph Pepe Auer og Manfred «Speedy» Temmel kjem til Oseana på laurdag for leika seg med gitarar, klarinetter, saksofoner og andre saker når de utforskar lyd, rytmar og melodiar.

Dei har til og med skapt et helt nytt instrument: Pepefon!

Konserten eignar seg godt som noko for heile familen, og musikken varierar frå fartsfylt sigøynermusikk til melodiske sangar, groovy rytmer og svingande vals.

Urframføring av Bachs storverk i sørafrikansk drakt

I 2018 rørte og begeistra sørafrikanske Isango Ensemble festspillpublikummet med «A Man of Good Hope» og «Tryllefløyten». Sistnemnde forestilling vart òg framført for eit stort og begeistra Oseana-publikum.

Neste torsdag, 30. mai, kjem Isango Ensemble attende til Oseana med ei delvis iscenesett versjon av «Matteuspasjonen» av Bach - det heile framført med stor vokalprakt og fullt marimbaorkester.

Konserten i Oseana vert faktisk første gong denne utgåva av Bachs vakre pasjon vert framført, så dette vert å rekna som ei urframføring.

Fleire saker