Lokal | 01. okt. 2018

Ny fredningssone for hummar

Vurderer du å gå over fjorden med hummarteinene dine? Styr unna dette området!

Ny fredningssone for hummar
Dette området ved Trollsøya i Austevoll er no freda for hummarfiske. (Kart: Fiskeridir.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 01. okt. 2018 07:53

Bildeserie:

Før sesong skal du fiska med stor opning. No har du lov å lukka luka. (Foto: KVB)
Før sesong skal du fiska med stor opning. No har du lov å lukka luka. (Foto: KVB)
1 av 1
Før sesong skal du fiska med stor opning. No har du lov å lukka luka. (Foto: KVB)

Frå klokka 08.00 i dag går dei første lovlege hummarteinene i årets sesong i sjøen.

• Les òg: Omfattande tjuvstart på årets hummarfiske (september 2017)

Fredag kom Fiskeridirektoratet med nye fredningssoner for hummar. I tillegg til 16 område i Sognefjorden og to område i Vest-Agder, er det no hummarfredning i eit område ved Trollsøy i Austevoll.

I fredningssona er det forbode å bruka andre reiskapar enn handsnøre (inkludert fiskestang og dorg), juksa og snurpenot. Forbodet gjeld frå i dag og på ubestemt tid, skriv fiskridir.no.

Har du registrert deg? Har du hugsa bomullstråd?

Alle som skal fiska hummar må registrera seg før fisket startar. Dette gjeld både fritidsfiskarar og fiskarar som er registrerte i Fiskarmanntalet.

Hugs at dei to sirkelforma fluktopningane skal vera berre 60 mm store. Det betyr at du i hummartida har lov å fiska med den minste opninga (sjå bilde over).

I tillegg skal alle hummarteiner ha minst eitt rømmingshol, som blir halde lukka ved hjelp av nedbrytbar bomullstråd. Dette for å unngå at teiner som blir mista skal driva «spøkelsesfiske» når den blir ståande igjen på botnen.

• Les òg: Leverte beslaglagte teiner til politiet (2016)

Minstemål er, som før, 25 cm. Sesongen i vårt område varer til og med 30. november.

• Meir om hummarfiske på fiskeridir.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.