Sport | 09. des. 2018

«Ny» hundesport i nyisolert hall

– Dette opnar for ein heilt annan bruk av hundesportsenteret, seier Rune Fjellanger.

«Ny» hundesport i nyisolert hall
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 09. des. 2018 21:58

Bildeserie:

1 av 5

Laurdag arrangerte Fjellanger Hundesenter eit julestemne til inntekt for Kreftforeningen.

– Hallen blei nyleg isolert, no ligg forholda til rette for auka bruk og fleire stemne året rundt, seier Rune Fjellanger.

Den 800 kvadratmeter store hallen sto ferdig i 2011. Fjellanger skal òg utvida kurs-, kontor- og butikkfløyen i kortenden av hallen.

– Å vera verna for regn og vind har naturlegvis ein verdi, men det er noko eige med isolasjon og varme. Tidlegare var det som når du set deg inn i bilen på ein vinterdag, du føler det er varmare ute. No er det komfortabelt å ha hundestemne året rundt, i tillegg kan vi leiga hallen ut til andre typer arrangement.

Hundesport kvar månad

Fjellanger har byrja å ha kurs i hallar andre stadar i bergensområdet, i hallen til Dyreklinikken Bergen Vest i Loddefjord, og ser etter tilsvarande fasilitetar i Bergen nord.

Dei startar òg ein månadleg cup med ulike hundesportar i eigen hall, der startavgifta i desember-cupen går til veldedig formål.

– Vi har nokre faste leigetakarar, klubbar som trener her. Men eigne kurs og arrangement i eigen regi er viktig for å ha litt inntekt på hallen. Likevel synest vi det er fint å gi vekk pengar til gode formål, derfor blei det «christmas spirit» og pengar til Kreftforeningen i denne runden.

Rundt 50 deltakarar stilte i agility, knappe halvparten så mange stilte i rally-lydighet.

– Rally-lydighet er aukande i popularitet, fortel Rune, før dommar Alexandra Reksten forklarer.

– I standard lydighetssport har du eit fast program og noko stivare reglar. Du skal for eksempel ikkje gi dobbelkommando. I rally-lydighet er det ny løype frå gong til gong, også frå kvalifisering til finale. Vi ser på samarbeid mellom hund og førar, og det trekk opp å gi ros undervegs.

I videoen under ser du Lene Brandal og hunden Luz demonstrera rally-lydighet.

- View this post on Instagram

Lene Brandal og hunden Lux demonstrerer rally-lydighet i nyisolert hall hos Fjellanger - som no startar månadleg cup i hundesport #fjellanger #fjellangerhundeskole #hundesport #rallylydighet #midtsiden

A post shared by Midtsiden.no (@midtsiden) on Dec 9, 2018 at 1:22pm PST

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.