Sport | 03. sep. 2014

Ny kiosk på Kuventræ

Mens planane om om nytt klubbhus er på is, grunna fokus på ny hall, nytt friidrettsanlegg og makebyte med kommunen, kjem ny kiosk i drift om få veker.

Ny kiosk på Kuventræ
Denne brakka er i ferd med å bli bygd om til kiosk. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 03. sep. 2014 13:26

For to år sidan, i samband med avgjerda om å flytta A-laget til kunstgras etter 60 år med grasbanen som hovudarena, fortalte Os Turn om ambisjonar om å bygga nytt klubbhus nærmare banane.

Les saka og sjå skisser

Men så kom avgjerda om å bygga Os sentralidrettsanlegg, med blant anna ny dobbelthall og nytt friidrettsanlegg.

Les meir og sjå skisser

Planene inkluderer eit makebyte mellom Os Turnforening og Os kommune, ein avtale det no skal sluttforhandlast om.

– Vi har laga nokre skisser for nye bygg rundt fotballbanane, men dei er ikkje klare for publisering. Først må vi ha fokus på Os sentralidrettsanlegg og sjå litt kva areal Os Turnforening sit igjen med, seier dagleg leiar Hans Parnefält.

Styremedlem fiksa ny kiosk

Egil Hodneland, som i vinter gjorde comeback i styret til Os Turn Fotball, har blant anna engasjert seg ekstra i opplevinga av å vera på Kuventræ, ikkje minst for supportarar.

– Vi har fått på plass betalingsterminal i kiosken, og det har gradvis blitt organisert sånn at publikum blir slusa inn éin stad.

– Men vi har ambisjon om å få til både elektronisk billettsal og å servera eit større utval i kiosken, som er alt for liten.

Hodneland har fått sponsa ei brakke og denne blir no kledd inn, malt og pussa opp både utanpå og inni.

I drift før oktober

Kioskansvarleg Anette Kleppe kan gle seg over at den nye kiosken får innlagt vatn, varmt og kaldt.

– Anette gjer saman med jentespelarar og foreldre på dugnad ein kjempeinnsats i kiosken, og det er utruleg kva dei sel på ei så lita flate, meiner Egil.

Kiosken skal flyttast der dagens kiosk står, og snuast sånn at dei planlagte fire salslukene vender mot banen.

– Her kan vi selja både meir mat og drikke og blant anna supportarutstyr. Kiosken blir som ei forlenging av tribunen, kanskje får vi også litt tak rundt kiosken på sikt.

Os speler heimekampar søndag 14. og måndag 29. september.

– Vi får den nok ikkje klar til neste heimekamp, målet er at den skal stå klar til bruk søndag 28. september.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.