Lokal | 16. feb. 2014

Ny kommunalsjef startar måndag

Den nye kommunalsjefen for oppvekst og kultur, Line Rye, har i morgon sin første arbeidsdag i Os Rådhus.

Ny kommunalsjef startar måndag
Line Rye tek til i stillinga som kommunalsjef for oppvekst og kultur på måndag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamresøndag 16. feb. 2014 09:57

Denne veka presenterte ho seg sjølv for nokre av dei politikarene ho kanskje kjem til å jobbe tettast med, nemleg medlemmane i tenesteutvalet.

– Utvalet ønskjer deg lykke til i jobben og ser fram til å samarbeida med deg, helsa leiar i utvalet, Eirik André Hesthamar (Frp).

Bakgrunn får personal

Rye har dei 5 siste åra jobba som personaldirektør ved Universitetet i Bergen, kor ho har leia ei stabsavdeling med 27 medarbeidarar.

– Eg har meir eller mindre heile mi yrkesaktive karriere jobba innan personalfeltet.

– Det starta i Kvinnherad kommune før eg i -91 kom til universitetet.

– Dei fem siste åra har eg leia ein svært kompetent fagstab med ei stor fagleg breidde, blant anna med sosionomar, siviløkonomar og juristar.

– Erfaringa derfrå tek eg med meg til Os kommune når eg no skal leia andre dyktige fagfolk, seier Rye.

– Ein unik moglegheit

Rye fortalde at ho gler seg til å ta fatt på oppgåvene i oppvekst og kultur.

– Når denne stillinga blei ledig såg eg det som ein unik moglegheit å jobba i eige lokalmiljø med oppgåver som har stor verdi, fortalde Rye, som flytta til Os i 2000.

– Eg har alltid vore opptatt av å ha ein jobb som har eit samfunnsengasjement i seg. Universitetet har eit samfunnsoppdrag som eg har sete stor pris på å vera eindel av.

– Os kommune har det same, og eg gler til å ta fatt.

– Eg har alltid jobba i stab, no skal eg jobba meir direkte med resultat og virkemiddelsida, noko eg ser veldig fram til å gjera.

– I tidlegare jobb har det alltid vore viktig for meg å spele på lag med tillitsvalgde og verneorganisasjonen. Det blir viktig også i denne jobben, helsa den nye kommunalsjefen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.