Næringsliv | 06. mars 2013

Ny konge på Hauge

Bjørnefjorden Gjestetun har fått ny dagleg leiar.

Ny konge på Hauge
Bertel Humlen er ny dagleg leiar ved Bjørnefjorden Gjestetun. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 06. mars 2013 08:12

Erik Werner, som overtok som leiar av gjestetunet på Hauge etter Inger Berit Bøyum på seinsommaren i 2007, har søkt nye utfordringar.

Ny dagleg leiar er Bertel Humlen frå Sunnmøre.

– Sjarmerte styreleiaren

Bertel Humlen overtok på Bjørnefjorden Gjestetun 1. februar.

Humlen har verken fartstid i hotellfaget eller innan reiseliv generelt.

– Du kan seia at eg sjarmerte styreleiaren, humrar Humlen.

Bertel er nemleg sambuar med styreleiar Synnøve "Synni" Bjørke, frå Bjørke-familien som eig gjestetunet.

– Dei siste to åra har eg engasjert meg i styret, så eg kjenner etter kvart verksemda godt.

– Dessutan kan eg bruka mykje av erfaringa mi frå andre bransjar til å leia Bjørnefjorden Gjestetun vidare, meiner han.

Should I stay or should I go?

Det var då Synni fekk jobb på Vestlandet, etter å ha vore leiar for Stiftelsen Elektronikkbransjen i sju år, at Humlen følgte etter.

Dei to har budd saman i Oslo i fleire år.

– Valet sto mellom å pendla frå Os til Oslo eller pakka kofferten og følgja etter over fjellet, for å søka nye utfordringar her.

– Då Werner i haust signaliserte at han ville gje seg, blei det klart at eg skulle ta over.

Gründar og investor med russisk fartstid

Om ikkje Humlen har lang fartstid frå dagens side av hotelldisken, har han både vore mykje på reise og skapt og leia fleire firma.

– Frå starten av 90-talet, rett etter at muren fell, var eg seks år i eks-Sovjetunionen med agentur for Orkla Brands.

– Seinare har eg vore både gründar og investor i elektronikkbransjen, seier Bertel, som blant anna var med på å lansera den første smarttelefonen i Noreg tidleg på 2000-talet.

Seinare har Humlen vore med på å utvikla eit system for fjernadministrering av mobiltelefonar, eit arbeid som starta i 2004 og eit system som i 2008 blei selt til Telenor.

– Elektronikk og reiseliv er kanskje veldig ulike bransjar, men eg ser mange samanhengar, å tilfredsstilla behov, vidareutvikla produkt, å handsama kundar, å skaffa kundar og å jobba godt saman for å ta best mogleg vare på dei vi har, seier Bertel Humlen.

Werner skiftar bransje

Bergensaren Erik Werner flytta frå Oslo og drift av hotell i Drøbak då han i august 2007 blei leiar av Bjørnefjorden Gjestetun.

– Eg har hatt nokre veldig fine år med ein fantastisk stab på gjestetunet, seier Werner, som busette seg i Os då han flytta vestover.

Årsaka til at småbarnsfaren sa seg opp er flytting til Bergen og prioritering av familie.

– Vi bygger om foreldra mine sin bustad på Eidsvågneset til genrasjonsbustad, så dei kan bu heime lengst mogleg.

– På Bjørnefjorden Gjestetun likte eg å vera tett på, å kunna stilla opp kvelder og helger, og med den rytmen blir det litt langt å pendla frå Eidsvågneset til Os, synest han.

Den førre Bjørnefjorden-sjefen har fått ny jobb i Bergen. Det er førebels ikkje offisielt kven som er arbeidsgjevar, men det er ikkje innan reiseliv.

– Eg skal jobba med personell og rekruttering, fortel Erik Werner, og legg til at han ønskjer Bjørnefjorden Gjestetun lykke til vidare, ikkje minst med den planlagte store utvidinga.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.