Kultur | 11. des. 2018

Ny Kygo-video filma i Os

Lokal filmprodusent fekk beskjed om å finna «magisk skog».

Ny Kygo-video filma i Os
«Kygo» som barn klatrar i skogen i Os i ny musikkvideo. (Skjermskot frå video)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 11. des. 2018 09:47

Bildeserie:

Halfdan Hallseth. (Foto: Fjord Productions)
Halfdan Hallseth. (Foto: Fjord Productions)
– Då dei ba om magisk skog var eg ikkje i tvil om kor vi skulle gå. (Skjermskot frå video)
– Då dei ba om magisk skog var eg ikkje i tvil om kor vi skulle gå. (Skjermskot frå video)
1 av 2
Halfdan Hallseth. (Foto: Fjord Productions)
– Då dei ba om magisk skog var eg ikkje i tvil om kor vi skulle gå. (Skjermskot frå video)

Laurdag 1. desember kom Kyrre Gørvell-Dahll (27) med musikkvideo til låten «Happy Now». Videoen er allereie sett over 2,8 millionar gongar.

Heimbyen Bergen, områda rundt, kjærasten Maren Platou (25), foreldre, bror og kameratar er med i videoen.

– Venar og familie er det som inspirerer meg. Eg hadde veldig lyst å laga ein video som filma heimbyen og rundtom i Noreg, for å visa kvar eg finn inspirasjon, skriv Kygo på Instagram.

Videoen er regissert av den velrenommerte amerikaneren Colin Tilley og sunnmøringen Johannes Lovund. Den blir godt tatt imot i reiselivsbransjen.

– At artistar som Kygo og Alan Walker promoterer Bergen på denne måten er særdeles verdifullt for oss, ikkje minst fordi desse artistane har gjennomslag i ei ung målgruppe, som vår tradisjonelle bergensmarkedsføring kanskje ikkje appellerer så sterkt til, seier reiselivsdirektør i Bergen, Anders Nyland til NRK Hordaland.

Delar av videoen er spelt inn i Os i november. Omgjevnadane er verken Ole Bulls villa, Solstrand eller skjergarden vår, men eit skogholt.

– Eg blei bedt om å finna skog med magisk stemning. Då visste eg med éin gong kvar eg skulle ta filmcrewet med, seier Halfdan Hallseth.

Fotograf, filmskapar og «speidar»

Halfdan Hallseth har vakse opp på Vallaheiane og bur i Lysefjorden. Han har bakgrunn frå Forsvaret og oljebransjen, men satsar no for fullt med eige filmselskap, Fjord Productions.

– Foto og filmskaping var hobbyen min, no får eg brukt erfaring som prosjektleiar til å gjennomføra eigen produksjon, seier Halfdan.

Ved sidan av produksjon av ulike reklamefilmar, har han fungert som «location scout» for større filmteam, blant anna Netflix-filmen om 22. juli - og denne Kygo-videoen.

– Eg tenkjer film og location i nesten alle samanhengar, og har ein stor «database» av stadar eg veit eignar seg for ulike scenar. Til Kygo-videoen kom eg med hengebrua i Haugsdalen og denne skogen i Os.

Skogholtet ligg ikkje så langt frå Lysekloster-ruinane.

– Sjølv om eg har ambisjonar om å delta også på den kreative sida i større produksjonar, er det kjekt og lærerikt å delta med lokalisasjon til prosjekt som dette. Og å sjå det ferdige resultatet, seier Hallseth.

Her er Kygo-videoen til «Happy Now»:

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.