Lokal | 17. feb. 2020

Ny leiar i Bjørnafjorden KrF

Fylkesleiar Helland lanserte nytt slagord på årsmøtet.

Ny leiar i Bjørnafjorden KrF
F.v.: Ingvild Hallesby Evjedal, Bjarte Samnøy og Jakob Enerhaug. (Foto: KrF)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 17. feb. 2020 12:41

Bjørnafjorden KrF var samla til årsmøte onsdag 12. februar i Bjørnafjorden hovudbibliotek i Os.

– Det var eit kjekt og inspirerande møte, seier Jakob Enerhaug i ei pressemelding i dag.

– Vi hadde besøk av fylkesleiar i Vestland KrF, Morten Helland. Han kjem frå Bømlo og er lokalpolitikar der. Morten Helland heldt ei inspirerande tale der han både inspirerte oss og kom med tankar og synspunkt på aktuell politikk.

Fylkesleiar Morten Helland.
Fylkesleiar Morten Helland.

Helland lanserte slagordet «KrF heiar på folk».

– Dette seier noko om at vi i KrF skal være eit folkeparti som er oppteken av kvardagen til folk flest, og som skal heie på og oppmuntre den einskilde og, ikkje minst, familiane.

– Vår gruppeleiar Bjarte Samnøy fortalde årsmøte om arbeidet så langt i den nye kommunestyret og korleis det er å være ein del av posisjonen kommunestyret, om gjennomslaga KrF har fått og erfaringane med samarbeidet så langt. Alt i alt er Samnøy godt nøgd på vegne av KrF.

Bjarte Samnøy (t.h.) fortalte om arbeidet i det nye kommunestyret. Her saman med Oddvar Rotvik.
Bjarte Samnøy (t.h.) fortalte om arbeidet i det nye kommunestyret. Her saman med Oddvar Rotvik.

Årsmøtet valde Jakob Enerhaug til ny lokallagsleiar, etter Ingvild Hallesby Evjedal, som sa nei til gjenval.

Ingvild held fram som styremedlem.

Styret består no av: Jakob Enerhaug (leiar), Ingvild Hallesby Evjedal, Oddvar Rotvik, Ernst Ove Indrebø, Tryggve Lillestøl, Bjarte Samnøy og Alida Nesheim (KrFU).

Til slutt vedtok eit samla årsmøte ein uttale om utsendinga av vår sambygding Dur Ali Sherzad (72). Årsmøte gav tydeleg beskjed til KrF sine sentrale politikarar: I denne saka kan me ikkje sitja stille og teia!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.