Sport | 06. sep. 2018

Ny leigetakar i Libris-lokalet

Flyttar butikken sin frå Bergen til Os.

Ny leigetakar i Libris-lokalet
Ny leigetakar har signert kontrakt i lokalet der Libris heldt til fram til våren 2018. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 06. sep. 2018 14:24

I mars tok tre generasjonar bokhandlar, familie Johnsen, eit trist farvel og la ned den 109 år gamle butikken i Os sentrum.

Denne veka har huseigar, Os Bygg og Eigedom, signert leigekontrakt på det 187 kvadratmeter store lokalet på gateplan.

– Det har vore ei viss interesse for lokalet, men mykje av det har, som andre gardeigarar i sentrum har opplevd, handla om mat. Vi vil heller ha inn detaljhandel, og no får vi det som vi vil, seier administrerande direktør Ottar Randa.

Ny leigetakar er ei familieverksemd starta i 1981.

Flyttar frå Bergen til Os

Ny leigetakar er Premiebua AS. Selskapet har frå før firmaadresse i Os, men butikk og utstilling i Bergen.

– Det er eit firma eg har drive saman med faren min. Han starta heime i kjellaren vår i 1981, frå år 2000 har vi hatt butikk i Sandviken, fortel dagleg leiar Inger Lise Tvedt.

Mens faren har budd på Myking i Lindås har Inger Lise pendla frå Lysefjorden til Bergen.

– Pappa blei pensjonist i år, og eg såg etter nytt lokale. Først Bergen, seinare nærmare og nærmare Os. Eg hadde faktisk ikkje sett for meg at eg skulle landa midt i Os sentrum, men no gler eg meg veldig!

Premie, pokalar og gravering

Premiebua importerer delar, men har montering og gravering sjølv.

– Vi er ikkje avhengige av å ha eit sentrumsnært lokale, mange av bestillingane skjer via nett. Men det er kjekt å ha ein plass der kundane kan besøka oss og sjå utvalet, anten det er idrettslag eller nokon som vil gravera champagneglas til eit bryllaup.

Tvedt får nøkkel til lokalet i dag, og vil bruka rundt ein månad på oppussing før det er klart for opning. Dei første vekene blir det ein mjuk overgang med ope eit par dagar i Bergen, og dei andre dagane på Os. Så blir det berre Os.

Kan få ein leigetakar til

– I starten av oktober vil vi òg ha klar heilt ny nettbutikk, så det blir endå enklare med bestilling for lokale og andre kundar.

Ny leigetakar vil pussa opp og innreia heile lokalet, men har førebels ikkje bruk for alt sjølv.

– I kontrakten er det ope for framleige. Om det kjem interesse frå eit firma som er med på å gjera komplettere drifta vår, at vi kan styrka kvarandre, så er dei velkomne!

– Vi har dessutan ni store utstillingsvinduge, og her kan vi bruka noko av plassen til å fronta idrettslaga i Os. Fleire av dei er kundar hos oss allereie, seier Inger Lise Tvedt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.